For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Gravdalstinden (2113 m.o.h.) frå Sognefjellet

TypeTopptur vinter

Sognefjellsvegen 4974, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Kjell Nyøygard

Om

Frå Sognefjellet, er kanskje turen til Gravdalstinden den aller, aller finaste. Dette er ein tradisjonell høgfjellsskitur, der ein går i storslagen natur, over bre, med toppar rundt på alle kantar, og endar opp på ein fantastisk topp.

Beste utgangspunkt: Sognefjellshytta eller Krossbu
Antatt tidsbruk: 4 til 6 timar tur-retur
Ver obs på: Skred- og utglidingsfare.
Utstyr: Normalt toppturutstyr, isøks, stegjern og skarejern er vanlegvis godt å ha.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark/fjellski. 
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Middels
Ned: Middels
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevande. Gode snøforhald og vurdering av rasfare er ein føresetnad.

Dette er ein skitur i mykje lett terreng, noko som gjer vanleg fjellski til det beste alternativet.

Turen startar etter kvistaløypa som går mot Leirvassbu. Det stig moderat opp frå Krossbukanten, langsmed den nedsnødde elva Leira. Stikka tek deg etter kvart opp på breen, og ruta flatar noko ut. Kvistaløypa følges enda eit stykke, før du vrir sørover omtrent rett sør for Kalven. Neste referansepunkt på turen blir da skaret vest for Søre Smørstabbtind 2033 moh. Denne rundar du på vestsida, og så inn aust for Vesle Gravdalstind. Fylg så brekanten aust for ryggen, før du går inn på denne, og siste etappe opp til toppen står att. Toppen har ei unik utsikt, og alt rundt deg er storslagent!

Man kan også ta med seg heile fire 2000-­meterspunkt med dei Søre Smørstabbtindane. 

Returen over breen er den same som oppturen, og det er fraråda å falle for fristelsen til å kjøre ned Bøverbreen, da denne har eit brefall med mange stygge sprekkar. Denn turen egnar seg best i godt vêr, da det er svært viktig med sikt for å sikre seg korrekte referansepunkt oppe på denne flate og kvite breen. Hugs solkrem og -briller da du går med sola midt i ansiktet heile vegen opp til toppen! Rådfør deg gjerne med kjente fjellfolk før du tek turen.

Beskrivingane av turane frå Sognefjellet er skrive av fjellførar Kjell Nyøygard. For den som ynskjer dagsferske rapportar, ta kontakt på www.fjellforer.blogspot.no

Turrapportar
www.peakbook.org

 

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.