For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Lom bygdamuseum | Presthaugen

TypeMuseum

Brubakken 12, Postboks 5, 2686, Lom

+47 916 60 017

Inntunet på Lom Bygdamuseum.
  • Inntunet på Lom Bygdamuseum.
  • Storstabburet i Lom Bygdamuseum.
  • Bordvassvegen ender i Bygdamuseet.
  • Uteområdet i Lom Bygdamuseum
  • Utstilling av funn gjort under utgravninger under stavkyrkja i Lom

Om

Lom bygdamuseum ligg i Presthaugen i Lom sentrum, og består av 26 antikvariske bygningar frå ca. 1650-1940, ​​og truleg Noreg sitt største stabbur.

Lom bygdamuseum - Presthaugen ligg rett ved Norsk fjellsenter og i gangavstand frå Lom stavkyrkje. Her kan du  vandre i det fredfulle skogsområdet blant tømmerhus frå 1600-,1700- og 1800-talet, og få eit levande bilete av byggjekunst og byggjeskikk på ein storgard, livsvilkåra på ein husmannsplass og tilvære på setra på denne tida.   ​​​​

Storstabburet og utstillinga "Vatn og korn":
I Storstabburet, eit gammalt kornmagasin frå ca. 1650, kan du sjå utstillinga "Vatn og korn". Utstillinga viser korleis Lom, Norges mest nedbørsfattige område, vart ei fruktbar kornbygd på 18- og 1900-talet. I utstillinga kan du i tillegg sjå en nyredigert dokumentarfilm frå 60-talet om korleis det unike kanaliserings- og irrigasjonssystemet i bygda gjorde dette mogleg.

Tilrettelagt turområde
Presthaugen har fått ny gangstig og belysning, slik at det no er tilpassa både rullestol og barnevogn.

 

Kart

Sjå meir

The large Storehouse, LomStorstabburet i Lom, LomStorstabburet i Lom er eit tre etasjer stort stabbur, som truleg er bygd fyrst på 1600-talet. Det blir rekna for å vera det største av sitt slag i Noreg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no