På leit etter (lokale) julegåver du kan legge under treet? Eller ynkjer du å gje ei oppleving til jul? Sjå vår oversikt over handels- og reiselivsbedrifter i Lom og omegn som tilbyr gåvekort eller nettbutikk:
Aktivitetar og opplevingar
Aktiv i Lom er eit aktivitets- og guideselskap i Lom i Jotunheimen. Selskapet driv Galdhøpiggen klatrepark og Lom aktivitetspark- og klatrepark og tilbyr guida turar på brear og toppar i Jotunheimen, samt grotteturar i Dumdalsgrottene. Kjøp gåvekort frå Aktiv i Lom her.
Fjelleventyret er ei familiedreve aktivitetsbedrift i Lundadalen i Skjåk. Her kan du overnatte på garden i idylliske og landlege omgjevnader, og bli med på ridetur innover Lundadalen og Breheimen nasjonalpark. Fjelleventyret sel også heimelaga spekepølser, viltkjøtt og varmande saueskinn. Kontakt post@fjelleventyret.no for kjøp av gåvekort.
Gjendeguiden er ei guide- og aktivitetsbedrift med base i Vågå som tilbyr fjellføring, stisykling, padling og ski i og rundt Jotunheimen heile året. Er du ny på rando? Eller treng du oppfrisking av topptur- og skredkunnskapane? Bli med dei dyktige og erfarne guidane i Gjendeguida på tur og kurs da vel!
Klimapark 2469 - ei tidsreise i istunnelen oppunder Galdhøpiggen. Bli med 50 meter inn i isen, 7000 år tilbake i tid - ein lærdom for livet. Ynskjer du å gje nokon ein tur inn i iseventyret til jul? Kjøp gåvekort frå Klimapark2469 her.
I hjarta av Lom finn du Norsk fjellsenter, krinsa av høgfjell og eventyr på alle kantar. Kom og opplev fire årstidar i fjellheimen, form ditt eiga landskap, hels på mammutar, sniff inn lukta av sure sokkar og sjå funna frå fjellvikingane. Gåvekort frå Norsk fjellsenter kan kjøpast her.
Spiterstulen bre- og fjellføring tilbyr føring i Visdalen og dei nærliggande fjella rundt Spiterstulen turisthytte. Bli med lokalkjende førarar på tur - på høge tindar, historisk vandring langs gamle tufter, eller på barnetur med leik og sprell. Kjøp gåvekort på ei oppleving med Spiterstulen bre-og fjellføring her.
Matopplevingar og overnatting
Bakeriet i Lom er viden kjent for sine luftige kanelbollar og velsmakande brød. Bakeriet har også mange ferdigpakka, søte smågåver som sjokolade, kjeks og syltetøy - samt bøker av heile Noregs meistarbakar, Morten Schakenda. Kontakt bakeriet på bestilling@bakerietilom.no for ei søt julegåve eller gåvekort.
Brimibue serverar moderne tradisjonsmat i heilt nye lokale midt i Lom nasjonalparklandsby. I andre etasjen har dei hotellrom med utsikt over fjellbygda Lom. Brimibue har også mange fine gåveartiklar og lokalmatvarer. For kjøp av gåvekort, kontakt brimibue@brimiland.no
Velkomen til ekte seterliv i Jotunheimen! Brimi sæter byr på unike opplevingar, eigenprodusert mat og lærdom for liten og stor. Du blir kjent med gardsdyra og historia, og får sjå korleis mjølka blir til ost. Vakker natur, ekte stillheit, og kulturhistorie på sitt beste. Sjå nettbutikken til Brimi sæter her for kjøp av gåvekort eller sæterprodukt.
Heimekoseleg og historisk overnatting i Lom med maten i høgsetet.Fossheim hotell byr på utsøkt mat og overnatting i ei unik atmosfære. Hotellet er medlem av De historiske hotel og spisesteder. For kjøp av gåvekort hjå Fossheim, sjå her.
Fossberg Hotell er eit tradisjonsrikt familiedrive hotell midt i Lom sentrum. Fint utgongspunkt for turar i Lom og Jotunheimen. Kontakt post@fossberg.no for kjøp av gåvekort.
Jotunheimen fjellstue ligg idyllisk til ved foten av fjellet Loftet. Eit ypparleg utgangspunkt for både enkle eller meir krevjande turar både til fjells og på bre. Her kan du nyte utsøkt mat til ei storslagen utsikt. Kontakt info@jotunheimen-fjellstue.no for kjøp av gåvekort.
Nesten svevande over vakre Bøverdalen ligg Hugin og Munin, to «Arctic domes». Vakn opp til spektakulær utsikt mot Jotunheimen og Breheimen - ei oppleving du ikkje kjem til å gløyme! Jotunheimen Panorama tilbyr gåvekort her.
Krossbu ligg idyllisk til ved fylkesveg 55, Sognefjellsvegen, Noregs høgaste fjellovergang, og er omkransa av over tjue 2000-meterstoppar! Perfekt base for toppturar i Jotunheimen både sommarstid og i påske- og vårskisesongen. Kontakt post@krossbu.no for kjøp av gåvekort.
Leirvassbu fjellstue i Jotunheimen ligg idyllisk til 1400 moh. ved Leirvatnet i Leirdalen. Eit ypperleg utgangspunkt for toppturar med flust av 2000-meterstoppar rett utanfor døra. Kontakt Leirvassbu på leirvassbu@ton.no.no for kjøp av gåvekort.
Nordal turistsenter er eit tradisjonsrikt, familiedrive hotell med eigen campingplass - midt i Lom nasjonalparklandsby. Her får du servert heimelaga mat med lokale råvarer i trivelege lokale. Perfekt utgongspunkt for turar i Lom og Jotunheimen Kontakt booking@nordalturistsenter.no for kjøp av gåvekort.
Raubergstulen turisthytte ligg til idyllisk langs Galdhøpiggvegen, ved foten av Galdhøpiggen, 1000 m.o.h. Her er naturopplevingar og aktivitetane i fjellet i fokus, og kjøkenet serverer god heimlaga mat med innslag av lokale råvarer og smakar i ei triveleg og uformell atmosfære. Gåvekort kan bestillast på post@raubergstulen.no.
Røisheim hotell – ein gamal skysstasjon med lange tradisjoner for fjellturisme. Utsøkt mat og komfortable senger for den kresne fjellturisten. Bestill gåvekort hjå Røisheim her.
Handelsbedrifter
Blomsterbue Lom er ein blome- og gåvebutikk i Lom sentrum. Kontakt blomsterbue@gmail.com for kjøp av gåvekort.
Bergom klær sko og sport har eit stort utval av sportstutsy, klede og sko til dame, herre og barn. Butikken ligg i andre etasjen på Coop-bygget, midt i Lom sentrum. Besøk Bergom klær sko og sport for kjøp av gåvekort.
Daglegvarebutikk med spanande utval av ferskvarer, delikat frukt- og grøntavdeling midt i Lom sentrum. Coop-gåvekort kan kjøpast i butikken i Lom.
Fjell og fritid er ein fullsortiment sportsbutikk med fokus på fjell og friluftsutstyr. Butikken ligg midt i smørauget i Lom med det kjente Bakeriet i Lom som nærmaste nabo. Kontakt post@fjellogfritid.no for kjøp av gåvekort.
Fjoset er ein innhaldsrik gåve- og interiørbutikk midt i Lom sentrum.Her finn du eit godt utval av strikkegarn, tilbehør og klede. Kontakt kari@fjosetilom.no for kjøp av gåvekort, eller besøk butikken i Lom.
Gausdal Landhandleri AS er ei familieeigd, tradisjonsrik byggevareforretning. Gausdal Landhandleri avd. Lom tilbyr alt innan bygg- og jernvare. Besøk byggevareforretninga i Lom for kjøp av gåvekort.
Hårloftet er ein frisørsalong i Lom som også tilbyr negledesign, makup, klede-og interiørartiklar.Besøk Hårloftet for kjøp av gåvekort.
Smak i Lom er ein sjarmerande lokalmatbutikk i Lom nasjonalparklandsby. Her finn du eit stort utval av lokalmatvarer frå norske småskala-produsentar og fine gåveartiklar. Smak i Lom har eigen nettbutikk og sender til heile Noreg.
Skjåkmat produserer eit rikt utval av kvalitetsmat under merkevara "Mat frå Skjåk". Dei har vunne ei rekke prisar og er godt kjende for sin heimelaga spekemat. Skjåkmat har eigen nettbutikk der ein kan kjøpe fleire prisvinnande spekepølser.
Skogstad Lom har sports- og fritidskede til heile familien. Her finn du eit stort utval frå den norske produsenten Skogstad. Skogstad Lom tilbyr forhåndplukking av varer for ein effektiv og trygg handel, med moglegheit for å betale med Vipps ved henting. Besøk butikken i Lom for kjøp av gåvekort.
Sport 1 Lom er ein fjellsportbutikk med eit stort og breidt produktutval. Her finn du alt du treng til fjellturen - fjellsko og- klede, skiutstyr og anna. For å sikre ei god og trygg handelsoppleving tilbyr Sport1 Lom kundane sine heimkøyring av varer, moglegheit til å handle utanom opningstider samt sending av varer per post. Besøk butikken i fjellbygda Lom for kjøp av gåvekort.
Tuppein frisør er ein stor og moderne frisørsalong som tilbyr frisering og negledesign midt i Lom sentrum. Tuppein forhandlar sminke, hudpleie og kroppspleie, og har mellom anna fleire fine gåvepakker. For kjøp av gåvekort, sjå her.