For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Store Tverrbottinden (2161 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • På veg oppover mot Søre Illåbrean
  • Product Image

Om

Store Tverrbottinden er eit eventyrleg skifjell! Har du dagen eller dagane for deg er turen godt eigna for ein lengre rundttur i området.

Beste utgangspunkt: Geitsetre i Leirdalen
Høgdeforskjell: Inntil 1150 meter
Antatt tidsbruk: 6–8 timer fra Geitsetre, der ½–1½ time er retur
Ver obs på: Tidvis overhengende toppskavl
Utstyr: Normalt toppturutstyr + skarejern. Breutstyr må vurderast, men er normalt ikke naudsynt
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og snowboard. Fjellski anbefales kun over Søre 
Illåbrean
Vanskelighetsvurdering: 
Opp: Enkel
Ned: Krevende ned Leirløyfte. Enkel over Søre Illåbrean
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevende 
Brattaste parti: Inntil 40° bratt mellom 1700 og 1800 moh. Om du følger rutealternativ 1, går heile turen i terreng under 30 grader bratt. 

Tverrbottindane ligg i den særvestlege delen av Galdhøpiggmassivet, like ved tursithytta Leirvassbu i Leirdalen. Det er mogleg å gå heile fem 2000-meterstoppar ved å traversere ryggane bortover! Etter å ha parkert i Leirdalen, går du altså på motsatt side av dalen slik at du får Hurrbrean bak deg.

Alternativ 1:
Fylg Søre Illåe opp til Søre Illåbrean, og gå breen på høgre side oppover. Rund Vestre Tverrbottinden, og sikt deg inn på bandet mellom denne og Store Tverrbottinden. Frå her er det litt brattare, og du må navigere deg oppover mellom ein del synlege steiner. Fylg ryggen videre til topps, der det er ei trang passasje like før toppunktet. Ver merksam på overhengende toppskavler på nordsida av fjellet. 

Alternativ 2:
Ei meir adrenalinframkallande bestigning er å gå over Sauhøe, og deretter følge ryggen hele vegen til topps på Vestre Tverrbottinden. Her må ein bere skiene på sekken mesteparten av tida, og undervegs går du i bratt, luftig og utsatt terreng. I tillegg må ein liten pinakkel passerast, som kan vere vrien med alpinstøvlar og tung sekk. Er dykk fleire saman på tur, kan løysninga vera å sende skiene opp. Uansett må ein vere varsom.

Det er mogleg å klyve heilt ut til Vestre Tverrbottinden sitt ytterste toppunkt. Eit besøk ut til denne inneber klyving/klatring over ein utsatt og svært luftig rygg. Dette er krevande sjølv med vanlege fjellstøvlar på tørt sommarføre, så mange foretrekker å nytte tausikring. Ynskjer du å avstå fra Vestre Tverrbottinden, er det mogleg å traversere ned mot bandet mellom Vestre og Store Tverrbottinden på et noko tidligare tidspunkt. Til slutt følger du same rute som alternativ 1.

Nedkjøringa skjer anten ned att via Søre Illåbrean (same veg som rutealternativ 1 opp). Det er òg mogleg å køyre den store flanken frå toppen ned mot Leirløyfte, i terreng som ofte har svært god ettermiddagssnø. Her kan du velje grad av brattleik fra 20 - 35 grader. Mellom ca. 1700 og 1800 meters høgde er terrenget opp mot 40 grader bratt. Ynskjer du enda brattare køyring, ligg det ein lita og trang renne rett syd for Leirløyfte som held omlag 45 graders helling. Denne er ikkje stort meir enn 150 meter lang, men er ein ypparleg introduksjon til bratt rennekøyring- når snøen er stabil. Ikkje gløym å vurdere skredfara sjølv om renna er kort. Fylg så Leirløyftgrove heilt ned til vegen i Leirdalen. Frå her er det eit par kilometer å gå til Leirvassbu, eller attende til Sletthamn/Geitsetre.

VIKTIG INFORMASJON
Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå fylkesveg 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no