For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Stetinden (2020 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Product Image

Om

Stetinden er ein velkjend topp der valmoglegheitene er mange for både ein kortare eller lengre tur!

Beste utgangspunkt: Leirvassbu eller Leirdalen
Høgdeforskjell: Ca. 620 meter fra Leirvassbu
Antatt tidsbruk: 3–4 timer, hvorav ½ time retur 
Ver obs på: Bratt siste stykket opp til toppunktet. Lokalt bratte partier.
Utstyr: Normalt toppturutstyr + skarejern og isøks
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée, fjellski og snowboard 
Vanskelighetsgrad:
Opp: Enkel
Ned: Enkel
Vegval: Logisk
Brattaste parti: 30° 

Ein topptur til Stetinden er ein enkel og kort tur dersom du har turisthytta Leirvassbu som utgangspunkt. Mange tek turen frå Geitsetre i Leirdalen, noko som gjer den ein del lenger.

Stetinden har flott nedkøyring på tre sider. Dette gjer fjellet ypparleg som rundtur, der særleg nedkøyringa frå fortoppen - merka med 1985 moh. på kartet - ned til Tverrbyttjønne, er ein lite nytta moglegheit. Denne nedkøyringa går over ein liten isbre, og gjev nesten 650 høgdemeter fantastisk skikøyring.

Fylg kvista løype eit lite stykke nedover Gravdalen. Etter å ha passert Gravdalsfonni, tek du av til høgre oppover høgdedraga vest for Stehøe. Legg kursen mot bandet mellom Stehøe og Stetinden. Deretter fylges terrenget oppover i retning høgda som er merka med 1985 moh. på kartet, før du dreiar mot nordvest og den vesle fortoppen sør for sjølve hovudtoppen. Dei fleste sett skia att i skaret mellom fortoppen og hovudtoppen, då det siste stykket opp til hovedtoppen er bratt og har dårlig snødekning.

Nedkøyringa er best over breen mot nordaust, der ein primært fylger det slakeste terrenget ned mot Leirdalen. Er det stabile snøforhold kan du i større grad velje brattare nedkøyring. Best skikøyring får ein ved å fylge fall-lina heilt ned til vegen, men mange vel å traversere fjellsida på slutten for å korte ned attendemarsjen til Leirvassbu.

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren blir elva Leira kryssa av mange, ofte på små områder der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierer frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå fylkesveg 55, Sognefjellsvegen. Det er normalt gode greit å parkere på vegskuldra og naturelge «lommer» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Leirvassbu | Turisthytte DNT, LomLeirvassbu fjellstue ligg idyllisk til ved Leirvatnet på 1400 meter over havet, og er eit ypperleg utgangspunkt for fjellvandring, toppturar, breturar, brekurs, matkurs, vårskiløping, klatring og fisking i fjellvatna.

Geostig på Storbrean i Leirdalen, LomGeologi-stig opp til brefronten på Storbreen i Leirdalen. Informasjonstavle ved brua over Leira. Turen går i lett lende med 16 postar og tek omlag  to timar opp.

Group on a glacier hike on BøverbreenAktiv i Lom | Aktivitetar og guiding i Lom og Jotunheimen, LomAktiv i Lom er eit aktivitets- og guideselskap med base i Lom i Jotunheimen, og tilbyr guida turar og aktivitetar med lokalkjente førarar.

Glacierguide.Spiterstulen bre- og fjellføring | Guida turar i Jotunheimen, LomSpiterstulen bre- og fjellføring tilbyr føring i Visdalen og dei nærliggande fjella rundt Spiterstulen turisthytte. Vi går gjerne på tur heile året, men våre høgsesongar er påske, vårskiturar samt sommar.

Ski mountaineering in JotunheimenFyrst og Fremst | Guiding og aktivitetar i Lom og Jotunheimen, LomFyrst og Fremst er eit guide- og aktivitetsselskap med base i Lom og Jotunheimen. Tilbyr breturar, ulike kurs, toppturar på ski og Galdhøpiggen sommar og vinter.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no