For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Geite (2002 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen

+47 61219090

Martin Andersen

Om

Med høve for lang sesong på snø og garantert luftig topppunkt burde geite vera eit attraktivt turmål!

Beste utgangspunkt: Geitsetre eller Breabakkan i Leirdalen
Høgdeforskjell: Ca. 1000 meter
Tidsbruk: 5–6 timer, der ½ time er retur
Ver obs på: Lite og luftig toppunkt med utglidningsfare
Utstyr: Normalt toppturutstyr + skarejern. Breutstyr må vurderes
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og snowboard. Folk på fjellski legger normalt igjen skiene på ca. 1800 meters høyde.
Vanskelighetsgrad:
Opp: Middels
Ned: Krevende
Vegval: Logisk 
Bratteste parti: Inntil 40° bratt mellom 1800 og 2000 moh.

Geite er eit lite nytta skifjell som kjem i skuggen av sine dominerande naboer Storebjørn, Sokse og Store Smørstabbtinden. Fjellet er lett tilgjengeleg, og har ca. 1000 høgdemeter med flott og variert nedkøyring. Turen startar ved Geitsetre dersom vegen ikkje er opna lenger opp. Vegen fylger du 1–2 km oppover, før elva kryssast på sikker stad. Alternativt kan Leira kryssast overfor Breabakkan, men dette gjer anmarsjen lenger. Fra Breabakkan fylges det bølgjande terrenget oppover mot Storbrean. Deretter fylges breen opp til bandet mellom Rundhøe og Geite. Frå her bratner det til, og eit kort parti er terrenget opp mot 40 grader bratt. Her må du navigere deg mellom nokre steiner, og ver merksam på utglidningsfara mot nordaust. 

Primært samme vei attende, men både rundtur og forlenging er mogleg dersom du vel nedkøyring mot sør fra bandet mellom Geite og Rundhøe. Enkelte vel brattare nedkøyring ved å køyre ei line som ligg noko lenger mot vest. Ein enda iutfordrande variant er å fylge ryggen oppover i retning Sokse, og legge nedkøyringslina over breflanken ved foten av Sokse. Her vil det ganske sikkert være urørt snø, men turen byr på klyving av enkelte bratte og luftige egger.

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Åpningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.