For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Austre Rauddalstinden (2086 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen
Topptur på ski: Austre Rauddalstinden (2086 m.o.h.)

Om

Austre Rauddalstinden er ein butt topp med bratte fjellsider på nær alle kantar. Det er kan hende ikkje den mest eigna toppturen på vinterstid, men er mogleg for den med røynsle og som er fortruleg med bratt terreng.

Beste utgangspunkt: Leirvassbu eller Olavsbu
Høgdeforskjell: Ca. 700 meter
Antatt tidsbruk: 6–8 timer fra Leirvassbu, der 1–2 timer er retur
Ver obs på: Klyving til topps i bratt terreng med utglidningsfare
Utstyr: Normalt toppturutstyr + skarejern, stegjern og isøks. Breutstyr normalt ikke påkravd.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og randonnée
Vanskelighetsgrad:
Opp: Krevande
Ned: Krevande
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevende
Brattaste parti: I overkant av 30°.

Med Leirvassbu som utgangspunkt fylger du kvista løype i retning Olavsbu. Ved Semeldalsmunnen skrår du vestover og inn mot Simledalsbandet til du passerar Austre Rauddalstinden på venstre side. Frå her har du to mogleg val for å bestige toppen. Den eine er å bestige den bratte breen rett opp mot ryggen vest for toppen. Breen er 30–35 grader på det brattaste. Eit sikrare, men litt lengre alternativ, er å gå ryggformasjonen på vestsida av breen oppover til høgda som er merka med 1930 moh. på kartet. Frå her fylger du ryggen til topps, der skia på eit tidspunkt må settast att. Det er eit bratt parti før toppen der det normalt vil være påkravd med stegjern og isøks. Nedkøyringa kan ein velge å gjere i store delar av fjellsida ned mot Simledalen, men er det gode og stabile snøforhald vil breen vera eit flott alternativ. Breen gjev ikkje meir enn omlag 400 høgdemeter, men ofte legg det seg nydeleg puddersnø på denne breen. Frå Simledalen fylger du same veg attende. Eit anna alternativ er å ta turen som rundtur ved å fylge Simledalen vestover ned til Gravdalen, der kvista løype fylges attende til Leirvassbu. Austre Rauddalstinden er ypperlig som haute route mellom Leirvassbu og Olavsbu.

VIKTIG
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Åpningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.