For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Juvass - Galdhøpiggen sommerskisenter

TypeSommerskisenter

Galdhøpiggvegen 1474, 2687, Bøverdalen
Galdhøpiggen sommerskisenter, Galdhøpiggen summer skiing center, juvass

Om

Ved foten av Nord-Europas høgaste fjell, Galdhøpiggen ligg Galdhøpiggen sommerskisenter 1850 meter over havet. 

Skisenteret er eit av få i Norge som er lokalisert på ein isbre. Skiheisen er borra ned i bre-is som er i konstant bevegelse ned mot Juvvatnet, og det isklare grøne vatnet som står i sterk kontrast  til permafrostlandskapet.

Treningsarena og leikepark
Skisenteret som òg har fått kallenavet "Juvass"  er ein populær treningsarena for alpintlag frå heile verda. I sommarferien har vi stort sett alle traseane opne for privatpersonar, der du og kompisane dine kan boltre dykk på ski. Då tek alpintklubbane ferie.

I juli bygger vi Noregs råaste sommarpark og arrangerer FP-Camp, sumarens morosamaste veke på ski.

Sjå oss kan du leige utstyr som ski, hjelm og stavar til ein god pris. 

Ta deg ein "Juvassbolle"!
Bli du sliten mellom slaga har vi kafé med 120 sitjeplassar med servering av varm og kald mat og drikke. Dessutan får du her dei beste bollane du finn 1000 meter over havet. Høgda over havet gjer nemleg at denne bollen hevar seg mykje betre enn vanleg. 

Hugs å sjekke vær og føreforhold, og at veien er open på www.gpss.no

Kva ventar du på? Vi nemner sol, slush, solkrem og skikøyring...

 

Fasiliteter

Aktiviteter

  • sport

Vintersport

  • sommerski

Kart

Veibeskrivelse

Allereie i 1934 begynte Knut K. Vole å bygge veg opp til Juvasshytta. Med spade, hakke og trillebår satte han i gang arbeidet. Ei lang historie kort fortalt; det vart til slutt veg opp frå Raubergstulen til Juvasshytta. I dag har vi asfaltert veg helt til inngangsdøra. Galdhøpiggvegen er er privateigd og  - drifta, og opnar vanlegvis for trafikk i mai månad.  

All køyring skjer etter privatrettslege reglar der alle må akseptere avtalevilkåra: 

- Vegen kan berre nyttast av personbilar mot vegavgift. Billett skal leggast synleg i frontruta. Bussar frå Raubergstulen til Juvasshytta køyrer berre etter avtale med vegeigar.

- Køyring med anleggsmaskinar er forbode. 

- Bil med campingvogn er forbode.

- Regelbrudd medfører eit gebyr på kr. 1000,- som blir ilagt etter privatrettslige reglar.  

- Køyring krev spesiell kompetanse og forsiktighet av sjåføren. Bremser og gir må vere i orden. Dekk/kjetting og liknande må vere tilpassa vér- og føreforhald. 

- All ferdsel langs vegen skjer på eiget ansvar. Vegeigar fråskriver seg alt ansvar for skade som måtte skje på person eller materiell på eller langs vegen.

- Vegen kan bli stengd på kort varsel. Bommen er videoovervåka. 

Billettprisar: Bil: 100,-  Buss: 300,- 

Veibeskrivelse til kollektivtransport

sjekk en-tur.no for rutetabeller. 

Åpningstider

sesong 2018 (10 mai 2018 - 28 okt 2018)
DagTider
Mandag - Søndag09:00 - 15:00

* Skisenteret kan stenge på kort varsel, eller utvide åpningstid avhengig av vær- og føreforhold. Følg med på Gpss.no eller facebook.