For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Teigen Gard

TypeHytter

Teigen, 2686, Lom

+47 61 21 14 88

Ankomst Teigen Gard

Om

Teigen gard ligg 2,8 km vest for Lom sentrum. Garden er eit godt utgangspunkt både for friske fjellturar til fots eller på ski i Jotunheimen, eller om de ynskjer spennande aktivitetar og smakfulle matopplevingar i Lom sentrum.

På sjølve garden tilbyr vi overnatting i det trivelege stabburet vårt som har stove, kjøkenkrok, eitt soverom med 4 sengeplassar (familiekøye) og bad, samt veranda med utemøblar.

Brekkøye småbruk er ein idyllisk gard i Bøverdalen, 11 km vest for Lom sentrum. Huset har innlagt straum og vatn, og det inneheld stove, kjøken, to soverom med til saman 4 sengeplassar, bad med dusj, og det er utedo i nærleiken av huset. Ved inngangspartiet er det ein romsleg platting med utemøblar.

På seterstulen Hovde er det mogleg å overnatte på Brekkøysetra, som ligg lunt og fint til  900 m.o.h. Setra ligg 23 km. vest for Lom sentrum, og her kan du finne roa i enkle og trivelege omgjevnader. Seterhuset har kjøken med gasskomfyr, stove med sofakrok, spisebord og vedomn, og soverom med 3 sengeplassar. I bekken som renn rett utanfor setra finn du friskt og godt fjellvatn.

 

Kart