For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Sulheim Vertsgård

TypeFamilie

2686, Lom

+ 47 97 59 85 00

Sulheim Vertsgård

Om

Uppigard Sulheim var grunnlagt før 900-talet av Sulheim-familien, og har vore i familiens eige sidan den gong. Garden er i full drift med mjølk- og kjøttproduksjon. Det dyrka arealet er 400 dekar med 25.000 dekar med utmark og skog. Garden har eigne jaktområde for stor -og småvilt.

Aktivitetar blir tilrettelagt saman med Elveseter Kunst -og kulturhotell og Leirvassbu fjellstue, samt andre samarbeidspartnarar.

Sulheim-familien har alltid hatt vertsgarden i kontinuerlig og kjærleg vedlikehald i pakt med gardens meir enn 1000 års historie og tradisjonar. Uppigard Sulheim vart fredet som ein av dei fyrste gardane i Noreg i 1923.

Overnatting:
Sulheim vertsgard har 14 senger fordelt på tre leilegheiter. Mat er basert på sjølvhushald, men kan òg bestillast og etast i hovudbygningen.

Til garden høyrer og to setre. Setrene er Leiksetra som ligg rett opp for garden (nyttast òg som jaktbu), og Sulheim Heimreseter som ligg i Visdalen. Garden har òg ei annen jaktbu, Fjellgrovbue, i Breheimen Nasjonalpark. For leige av desse, evt leie av jakt, ta gjerne kontakt. 

Garden har eit omfattande kunstgalleri basert på målaren Terje Fagermo, men husar òg verker av andre av Noregs framste kunstnarar. Eit opphald eller besøk på Sulheim Vertsgård er perfekt for små forretningsmøter, konferanser og bryllup, eller viss du føler for å ta eit avbrekk frå ein travel kvardag, og berre nyte stadens fred og ro.

Kart

Åpningstider

Sesong (22 mar 2019 - 3 nov 2019)

* Ta kontakt for tibod utanom sesong.