For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Storhaugen gard

TypeGjestegård

Storhaugsvegen 52, 2687, Bøverdalen

+47 91 10 89 42

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Storhaugen gard ligg høgt og fritt 700 m.o.h. med fin utsikt mot Bøverdalen og Jotunheimen. Plassen oppleves som ein open, grøn oase, midt i fjellheimen- med ein tilbaketrukket beliggenheit kor fred og ro er i fokus.

Storhaugen er eit glimrande utgangspunkt for fjell- og toppturar, sumar som vinter. I tillegg fins det utallige moglegheiter i nærområdet: Grottevandring i Dumdalsgrottene, Galdhøpiggen klatrepark (3 km), fottur til Galdhøpiggen (13 km), fotturar, fiskemoglegheiter, Klimapark 2469 (13 km) - for å nevne nokre. Ein kan og velje å sittje i ro og nyte utsikten, lyden av gardslivet, bruset frå Veslejuvfossen og berre vere til stade her og nå. På garden er det både sau og Herefordkveg.              

Overnatting: 

På garden er det tømmerhytter med særpreg, bygt opp av Jørgine Boomer, husmannsjenta frå Bøverdalen som var vertinne på hotell Waldorf Astoria i New York. 15 år gamal utvandra Jørgine til Amerika. Ho kjøpte Storhaugen som vart hennar feriepardis resten av livet.  

Mange av bueiningane er bygget rundt eit intimt lite tun, Jørginetunet. Her ligg det 6 leiligheiter i 2 store tømmerbygg, som opprinneleg var ein låve, og ein ny tømmerhytte, samt 2 smøreboder/skirom og eit tørkerom. Her er det moglegheit for grilling, leik, sosial omgang mm.  Tømmerhyttene Märtha og Jotunheim ligg på eit berg, med spektakulær utsikt mot Breheimen.

Alle bueiningane er godt utstyrt med dusj, toalett, kjøken med fullt utstyr for sjølvstell. Alle bueiningane har også oppvaskmaskin. Stuene er romslege (nokre med peis). Her kan 2 - 15 personar overnatte pr. bueining. Totalt er det 80 sengeplassar. 

Velkomen til Storhaugen gard for å oppleve levande kultur og ein storslagen natur ved foten av Galdhøpiggen, med rein luft og reint rennande vatn.

 

Fasiliteter

Aktiviteter

  • brevandring
  • fiskemuligheter
  • fjellriding
  • fjellvandring
  • fotturer
  • gårdsferie
  • plass for grilling
  • preparerte løyper på området
  • rideturer
  • skogstur
  • spasertur
  • stangfiske

Annen overnatting

  • leiligheter

Generelle fasiliteter

  • oppholdsrom
  • resepsjon
  • selskapslokaler

Jakt

  • småviltjakt

Natur og terreng

  • fjell
  • fjellterreng
  • fotturområde
  • grenser til nasjonalpark
  • nasjonalpark

Romfasiliteter

  • bad på rommet
  • farge-tv
  • kjøkken
  • peis på noen rom

Sportsaktiviteter

  • alpint

Kart

Veibeskrivelse

Følg rv 55 frå Lom i 20 km, ta deretter til venstre opp Galdhøpiggvegen i 1,5 km før du svingar til venstre.

Opningstider

Sesong (12 apr 2019 - 3 nov 2019)

Sjå meir

På hesteryggen frå Raubergstulen, LomPå Raubergstulen kan du oppleve den vakre naturen under Galdhøpiggen frå hesteryggen.