Skogheim kafé og hytter

TypeHytter

Ottadalsvegen 4604, 2685, Garmo

+47 973 16 776

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Skogheim ligg i Garmo, 15 km frå Lom sentrum i retning mot Vågå. Dette er ein liten og triveleg campingplass med trivelege hytter og kafé med den vakre og brusande Gjerdingsfossen i bakgrunnen. Stutt veg til fiske og Hamsun sin fødestad. Området er eit veldig fint utgangspunkt for turar i nærområdet, og er har ei fin plassering mellom Lom og Vågå (dermed òg mellom Valdresflya, Sognefjellet og Strynefjellet dersom ein er på gjennomreise).

Vertskapet Astrid og Oddvar har drive staden sidan 1973. Før det var det mor til Astrid, Kari Botten, som dreiv staden. Ho starta kafé her allereie i 1947, før det seinare vart utvida med hytter. 

Servering: 
Skogheim har eit enkelt serveringstilbod i kafeen. Dei har heimlaga pizza (også eit glutenfritt alternativ) som serverast i kaféen eller som takeaway. Frå juli og ut sommaren har dei i tillegg heimelaga rømmegraut på menyen. Kaféen har TV-stove og uteplass.

Av kioskvarer har dei blant anna is, sjokolade, godteri og brus. 

Overnatting:
Her finn du fleire trivelege campinghytter med ulik standard. Nokre har eiga bad, medan andre deler sanitæranlegg. 

Stabburshytta
Plass til 2-3 personar. ​​​Har kokeplate, kjøleskap og uteplass. På denne hytta brukast det felles dusj og toalett.

Timberhytta
Plass til 4 personar med minikjøkken med kaldt og varmt vatn. På denne hytta brukast det felles dusj og toalett som ligg under hytta.

Fjoset
Plass til 4 personar med salonggruppe. Har kjøleskap, kokeplate og uteplass, men ikkje kjøkenutstyr. På denne hytta brukast det felles dusj og toalett.

Storhytta
Plass til 4 personar. Inneheld minikjøkken, nytt dusj og toalettanlegg, salonggruppe og eiga uteplass.

Nordbyhytta
Plass til 4(+) personar i eiga sengerom. Har sofagruppe, tv, minikjøkken og har eiga toalett og dusj. Har eiga uteplass.

Eldhuset
Plass til 2-3 personar. Har kjøleskap, kokeplate, skap, køyeseng, sofa og peis. På denne hytta brukast det felles dusj og toalett. Har eiga uteplass.
​​​​​​

Ta kontakt for prisar.
Mogleg å betale for utvask, samt leige av sengesett og handklede.

Alle er hjartleg velkomne!

Fasiliteter

Camping og hytte

  • campinghytter
  • elektrisk oppvarming
  • hytter m/dusj/wc
  • sanitæranlegg
  • toalett
  • TV- tilgang

Generelle fasiliteter

  • frokost kan kjøpes
  • gratis parkering
  • kafé
  • kiosk
  • reservasjon mulig
  • serveringstilbud
  • Tv-stue
  • utemøbler

Kart

Veibeskrivelse

Skogheim ligg lett tilgjengeleg i Garmo, 15 km frå Lom sentrum i retning mot Vågå. 

Opningstider

* Open for booking