For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Krossbu | Turisthytte

TypeFjellstue

Sognefjellsvegen 4688, 2687, Bøverdalen

Sjekk tilgjengelighet forKrossbu | Turisthytte (Åpnes i et nytt vindu)

+47 970 01 267

Krossbu turisthytte med Store Smørstabbtind i bakgrunnen.
  • Krossbu turisthytte med Store Smørstabbtind i bakgrunnen.
  • Krossbu turisthytte i vinterdrakt
  • Product Image
  • Elva renn forbi Krossbu turisthytte om sommaren.
  • Myrull og grøne fjellsider ved Krossbu.
  • Like bak husene på Krossbu renner en liten fjellbekk
  • Utsikt mot Fanaråken og Steindalsnosi.
  • Merket tursti stein i front med Smørstabbtindane i bakgrunn
  • På Randonné til Smørstabbtindane i flott vintervær.
  • Smørstabbtindane i vintersol
  • Smørstabbtindane i Jotunheimen i vårsola.
  • Fantastisk utsikt over Smørstabbtindane fra Sognefjellsvegen

Om

Krossbu turisthytte frå 1901 er ei av dei eldste turisthyttene i Norge. Hytta ligg idyllisk til ved fylkesveg 55, som tek deg over Sognefjellet - Nord-Europas høgste fjellovergang. Turisthytta ligg 1267 meter over havet.

Du finn meir enn tjue fjelltoppar over 2000 moh. rundt Krossbu. Opp frå Leirbrean tronar dei majestetiske Smørstabbtindane, som er populære turmål både på ski og til fots. Lenger sør ligg Smørstabbreen, eit av dei største brepartia i Jotunheimen, og Bøverbrean, der du kan få minnerike opplevingar på brevandring i lag med ein guide. 

Aktivitetar: Det er moglegheiter for mange aktivitetar i området alle årstider; skiturar, fjellklatring, brevandring og fisking. Når du bur på Krossbu er det berre å snøre på seg skone og gå om det er på ski eller til fots.Frå hytta er det merka ruter både sommar og vinter til mellom anna Skogadalsbøen, Sognefjellshytta, Fannaråken, Bøvertun og Nørdstedalseter. Herfra går det også fører over Smørstabbreen til Leirvassbu og det er mogleg å oppleve grottevandring i Dummdalen.

For dei som ynskjer å gå på langrenn er det fine løyper på Sognefjellet utover våren og til snøen smeltar i juni/juli. 

Overnatting: På Krossbu kan du bu på rom inne i hovudhytta. Her er det alt frå fleirsengs-rom med eller utan bad, nyoppussa dobbeltrom med bad til rom med enklare standar som har vask på rommet og felles dusj/wc på gangen.

På campingen kan du bu med telt, bubil eller campingvogn. Du betaler da campingavgift og kan nytte sanitæranlegget. Når du bur på campingen har du moglegheit til å kjøpe deg mat inne på hytta, samt opphalde deg i stovene.

Servering: Inne kan du nyte ein god middag i den store spisesalen eller slappe av i eit av dei trivelege opphaldsromma. Kvar morgon blir det servert ein solid frukost, med heimebaka brød, med høve til å smøre seg niste før dagens tur. Ta med termos og få han fylt frå kjøkkenet. 

Krossbu er ein endestasjon, eller start om ein vil, for Høgruta i Jotunheimen  - ein 5-dagars skitur gjennom Jotunheimen. 

Velkomne til fjells!

Fasiliteter

Aktiviteter

  • brevandring
  • fiskemuligheter
  • fjellvandring
  • fotturer
  • grotting
  • Guidet tur
  • turstier
  • utendørs

Camping og hytte

  • all camping tillatt
  • campingavgift
  • sanitæranlegg

Generelle fasiliteter

  • dyr tillatt
  • Familievennlig
  • oppholdsrom
  • parkeringsplass
  • Peis
  • resepsjon
  • Restaurant/Cafe
  • WIFI

Kredittkort

  • MasterCard
  • Visa

Natur og terreng

  • elv
  • fjell
  • fotturområde
  • isbreer
  • nasjonalpark
  • turskiområde
  • utsikt

Romfasiliteter

  • babyseng tilgjengelig
  • wc og dusj/bad på rommet, (ikke på alle rom)

Skjenkerettigheter

  • Alle rettigheter

Kart

Veibeskrivelse

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Køyretid: Oslo – Krossbu: 5 - 6 timar  |  Trondheim – Krossbu: 5 timar

Avstand: Otta – Lom: 62 km  |  Lom – Krossbu (rv 55): 48 km

Opningstider

* Ope for booking.
Hovudsesong frå mai til midten av september.

Sjå meir

Group on a glacier hike on BøverbreenAktiv i Lom | Brevandring på Bøverbreen, LomYnskjer du nærkontakt med blåis - og ei turoppleving utanom det vanlege? Bli med på brevandring med Aktiv i Lom!

Høgruta i Jotunheimen | Haute Route NorgeHøgruta i Jotunheimen er Norge sitt svar på alpane sin klassiske skitur; Haute Route. Skituren går over brear og 2000-meterstoppar i Jotunheimen. Mat og kvile på trivelege turisthytter.

Ski mountaineering Storebjørn JotunheimenTopptur på ski: Storebjørn (2222 m.o.h.) frå Sognefjellet, LomTOPPTUR TIL STOREBJØRN (2222 m.o.h) Storebjørn er ein av dei mest populære toppturane i Jotunheimen. Bakfrå ser fjellet ut som ein sovande bjørn, og utsikta frå toppen er heilt rå! 

Topptur på ski: Store Smørstabbtinden frå Krossbu (2208 m.o.h.), LomStore Smørstabbtinden (2208 m.o.h.) er eit nydeleg toppturfjell med majestetisk utsyn til Smørstabbtind-massivet. Denne turen går utanom bre!

Topptur på ski: Sokse frå Krossbu (2189 m.o.h.), LomSokse (2189 m.o.h.) er ein spennande toppturtopp i Smørstabbtindmassivet.

Turtips: Store Smørstabbtinden (2208 moh.) frå Krossbu, LomFOTTUR TIL STORE SMØRSTABBTINDEN (2208 m.o.h): Sjølve majesteten i Smørstabbtindmassivet er ein spektakulær sommartur frå Krossbu, kor du ikkje treng krysse bre.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no