For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Jotunheimen Panorama

TypeGlamping

Galdhøpiggvegen 453, 2687, Bøverdalen

+47 612 12799

Jotunheimen panorama

Om

Nesten svevande over vakre Bøverdalen ligg Hugin og Munin, to Artic domes, like under Juvassplatået og ventar på deg som ynskjer eit overnattingstilbod som har det vesle ekstra.

Overnattingsdomane er innreia med dobbelseng, komfortable kvilestolar, enkelt tekjøken og kjøleskap.  Toalett er lokalisert attmed parkeringsplassen. Pr. dags dato har me ikkje tilbod om dusj tilknytt domane.

Domane er ikke tilknytt vatn, alt av vatn lyt difor bringast med av gjesten sjølv. Tekjøkenet har vatnkokar, men ikkje andre koke- eller steikemoglegheiter. Domane og området kring er sjølvsagt røykfritt og kjæledyr er diverre ikkje velkomne.

Fokuset er på utsikta og moglegheit for avslapping i eit storslege landskap.

Frå domane er det gangavstand til Galdhøpiggen klatrepark, Raubergstulen turisthytte, 9 km bilveg opp til Juvasshytta og 24 km til Lom sentrum.

~ Kvar morgon, når dagen gryr, flyg Hugin og Munin ut i verda. Dei flyg både over Åsgard og Midgard. Dei legg merkje til det som skjer og dei høyrer kva som vert sagt. Ved dagens ende kjem dei attende og set seg på akslane til Odin og kviskrar han i øyra kva dei har sett og høyrt frå både menneska og gudane si verd. ~

Fasiliteter

Kjøkken og hushold

  • kjøleskap
  • minikjøkken
  • tekjøkken

Kart

Sjå meir

Climbing in Galdhøpiggen High Rope Course - Aktiv i LomGaldhøpiggen Klatrepark - Aktiv i Lom, LomGaldhøpiggen klatrepark består av 8 løyper inkludert ei testløype og ei barneløype. Her er det traversar (ziplines) og mange ulike utfordringar.

Climbing in Galdhøpiggen High Rope Course - Aktiv i LomAktiv i Lom - aktivitetar, guiding, lavvo og event i Lom og Jotunheimen, LomAktiv i Lom er et aktivitets- og guideselskap som er basert i Lom i Jotunheimen. Selskapet driv Galdhøpiggen klatrepark og tilbyr guida turar på brear og toppar i Jotunheimen, samt grotteturar i Dumdalsgrottene.