Nesten svevande over vakre Bøverdalen ligg Hugin og Munin, to «Arctic domes», like under Juvassplatået og ventar på deg som ynskjer eit overnattingstilbod som har det lille ekstra.
Overnattingsdomane er innreia med dobbelseng, komfortable kvilestolar, enkelt tekjøken og kjøleskap. Toalett er lokalisert attmed parkeringsplassen. Pr. dags dato er det ikkje tilbod om dusj tilknytt domane.
Domane er ikke tilknytt vatn, alt av vatn lyt difor bringast med av gjesten sjølv. Tekjøkenet har vasskokar, men ikkje andre koke- eller steikemoglegheiter. Domane og området kring er sjølvsagt røykfritt og kjæledyr er diverre ikkje velkomne.
Fokuset er på utsikta og moglegheit for avslapping i eit storslege landskap.
Frå domane er det gangavstand til Galdhøpiggen klatrepark, Raubergstulen turisthytte, 9 km bilveg opp til Juvasshytta og 24 km til Lom sentrum.
~ Kvar morgon, når dagen gryr, flyg Hugin og Munin ut i verda. Dei flyg både over Åsgard og Midgard. Dei legg merkje til det som skjer og dei høyrer kva som vert sagt. Ved dagens ende kjem dei attende og set seg på akslane til Odin og kviskrar han i øyra kva dei har sett og høyrt frå både menneska og gudane si verd. ~
Jotunheimen Panorama ligg ca. 1000 meter over havet ved Raubergstulen turisthytte, langs Galdhøpiggvegen. Frå Lom sentrum, følg Sognefjellsvegen (fv 55) til Galdesand, og sving opp til venstre på Galdhøpiggvegen mot Raubergstulen og Juvasshytta. Jotunheimenen Panorama ligg ca. 24 kilometer frå Lom sentrum - ca. 24 min med bil.
Galdhøpiggen sommerskisenter ligg 9 kilometer frå Jotunheimen Panorama. Fri parkering ved Raubergstulen.
* Kontakt post@jotunheimenpanorama.no for booking.