For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Fjelleventyret - overnatting på gamal seter

TypeSeter

Vassvangen 24, 2690, Skjåk

+47 480 86 104

Fjelleventyret - overnatting på gamal seter

Om

Velkomen til seters! 

Fjelleventyret ligg i Skjåk som byr på Lundadalen, som er ein seterdal i Breheimen nasjonalpark. Denne dalen har vore brukt til jakt og fiske og til setring i alle tider, og er i tillegg eit ypperleg utgangspunkt for fjell- og toppturar.

Midt i denne dalen på merka DNT-løype mot Trulsbu, ligg setra til Fjelleventyret. Setra ligg omtrent midt i dalen om lag 5 kilometer innover frå Heimste Lundadalssetra, der bilvegen sluttar. Setra vår Yste er utan straum og innlagt vatn, men den er unik med levande lys og elva Skjøle som renn rett forbi seterhuset.

Seterhuset er eit lafta seterhus oppført i 1995. Yste har enkel kjøkkenløysing, eit soverom med 5 sengeplassar og ei stove med ei budeieseng, sofa og ein spiseplass. To eldstadar. 

Denne setra kan du leie for 200 kr natta per person.

Inkludert i leiga er gass, ved og toalettpapir. Kjøkkenet er utstyrt med det du treng.

Hytta må reingjerast godt til dei neste fjellfolka som kjem forbi og som treng ei seter å kvile på. 

Fasiliteter

Aktiviteter

  • gårdsferie
  • ridehest
  • rideskole
  • rideturer
  • rideutstyr
  • ridning

Annen overnatting

  • overnatting
  • seter

Arrangementstyper

  • For barn
  • Natur

Dyr/fiske slag

  • hester

Natur og terreng

  • dal
  • grenser til nasjonalpark
  • nasjonalpark
  • natur

Reisepakke

  • aktiviteter
  • arrangement
  • grupper

Spesial

  • fjellområde

Tema

  • Aktiv ferie
  • For hele familien
  • Naturopplevelser

Kart