Ørretfiske i Jotunheimen

Opplev draumen om ørretfiske på Gjende, med fiskestong gjennom Jotunheimen eller familietur med telt og fiske ved idylliske vatn og med sprøsteikt fisk i panna! Nyt høgfjellet ved stille fjellvatn!

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret

Beliggenhet

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt selger

Lom fjellstyre

Fjelloppsyn Åsmund Galde / Eilev Hellekveen

92893226/99712939

lom@fjellstyrene.no

Kjøp fiskekort her

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Felles fiskekort  for Jotunheimen er laga for deg som vandrar i Jotunheimen og som vil fiske i fleire vatn og vassdrag i dette store området.

 

Å rusle med fiskestanga langs eit vassdrag eller rundt eit stille vatn, og oppleve freden og roen i fjellet, det må berre nytast. Det er verkeleg ferie! Og når dagen kanskje blir avslutta med nyfiska aure i panna, kan det ikkje bli bedre!

 

Fisket i Jotunheimen kan vere veldig bra, men er sjølvsagt avhengig av veret. Men kvaliteten på auren i Jotunheimen er udiskutabelt førsteklasses. Ei delikatesse av dei sjeldne! 

Kortet gjeld for over 60 små og store fiskevatn og eit ti-tals elver i sentrale delar av Jotunheimen. Det meste av arealet ligg over 900 m.o.h. med fleire av Norges høgast liggande fiskevatn. Det er aktiv fiskekultivering i heile området, og det blir jamnleg sett ut settefisk i mange vatn. På nokre få vatn er det stor sjølvrekruttering, og tett av småfisk, t.d på enkelte vatn på Memurutunga.

 

Generell beskrivelse

Fiskekort for Jotunheimen gjeld for stong og handsnøre i sentrale deler av Jotunheimen frå nasjonalparkgrensa i aust og nordaust til Fv 55 Sognefjellsvegen i nord, eit område på nesten 1200 km2. Kart for området ligg på heimesida www.lom-fjellstyre.no. Viktige vatn er Gjende (utanom Gjendeosen), Bessvatnet, Langvatnet, Leirvatnet og Preststeinvatnet. Viktigaste innfallsportane er Gjendeosen, Veodalen, Spiterstulen, Leirvassbu og Sognefjellet. Russvatnet er privat og er ikkje inkludert i ordninga.

Kortet er eit samarbeid mellom Luster Austre fjellstyre, Vågå fjellstyre og Lom fjellstyre og gjeld for delar av statsallmenningane Luster Austre, Leir- og Bøverdalen, Visdalen, Vårdalen og Langmorkje.

 

Fiskebestand 
Ørret, eller aure, er einaste fiskeslaget i alle vatn og elver.

Mange av vatna ligg så høgt at det ikkje er naturleg rekruttering. I mange av desse vatna blir det sett ut settefisk jamnleg. Oversikt over utsetjing finst på www.lom-fjellstyre.no.

På dei vatna med best næringstilgang, er det ikkje uvanleg å ta fisk på mellom 1 og 2 kilo. Men fisk i vektgruppa 0,3 - 0,7 kg er det vanlege.

I enkelte vatn er det så stor sjølvrekruttering at dei er overbefolka, og det er tett av småfisk.

Gode fiskevatn er frå aust: Vestenden av Gjende, Bessvatnet, Øvre Leirungen, vatna på Memurutunga, Grisletjerna (Lom fjellstyre har båt til leige), vatna i Raudalen, Langvatnet (Lom fjellstyre har hytte og båt til leige), Leirvatnet, vatna i Gravdalen, Preststeinvatnet.

Fisketips 
Tidleg på sommaren er vatna i Gjendeområdet og i Bøverkinnhalsen beste fiskeområda. Dei ligg lågast og er tidlegast isfri. Dei høgareliggande vatna på 1300 - 1500 m.o.h.er gjerne ikkje isfri før langt ut i juli.

Fleire av vatna sør for Sognefjellsvegen, mellom Bøverkinnhalsen og Turtagrø,er svært lett tilgjengelege og gode fiskevatn. Eller kva med fisking langs elva i Leirdalen, eller vestover Gravdalen frå Leirvassbu? Her finst mange lett tilgjengelege og gode fiskeplassar!

For lenger turar: Ta båten til Memurubu eller Gjendebu og fisk i Gjende eller i vatna på Memurutunga. Både vatna i Svartdalen, Grisletjønnen på Gjendetunga og vatna innover Raudalen er gode fiskevatn. 
Bukkehåmårtjønna og Leirungstjønnene på sør-aust enden av Gjende er fine mål for dei som likar å fiske eit stykkje utanfor "allfarveg".

Flugufiske: Leirungsåa der ho renn ut i Gjende, innløpsosen på Øvre Leirungen, eller utløpet av Leirvatnet. 

Beliggenhet og terrengbeskrivelse 
Kortet gjeld for deler av statsallmenning i Luster, Vågå og Lom. Heile området ligg i typisk høyfjellsnatur, og det meste er snaufjell over 900 moh.. 

Jotunheimenkortet gjeld frå nasjonalparkgrensa i aust og nordaust til Fv 55 Sognefjellsvegen i nord, eit område på nesten 1200 km2. Kart for området ligg på heimesida www.lom-fjellstyre.no. Viktige vatn er Gjende (utanom Gjendeosen), Bessvatnet, Langvatnet, Leirvatnet og Preststeinvatnet. 

Viktigaste innfallsportane er Gjendeosen, Veodalen, Spiterstulen, Leirvassbu og Sognefjellet

 

 

Anbefalte lenker:

Fiskeregler

Kortet gjeld for fiske med ei stong eller eitt handsnøre i avgrensa område i sentrale Jotunheimen. Gjeld ikkje for Russvatnet som er privat.
Barn inntil 20 år fiskar gratis.
Kortet kan kjøpast av alle, både nordmenn og utlendingar.

Fiskarane pliktar å gjere seg kjend med kva område dette kortet gjeld for, og dei offentlegrettslege reglane som gjeld for fiske.

Veibeskrivelse

Frå Lom vestover langs fylkesveg 55 over Sognefjellet. 
Frå fv 55 opp Visdalen til Spiterstulen, - innfallsport.
Frå fv 55 opp Leirdalen til Leirvassbu, - innfallsport.

Fra Vågå eller Fagernes langs fylkesveg 51 mot Gjendesheim til
Gjendeosen, - innfallsport.

Frå Eidsbugarden, -innfallsport.
Frå Vetti, Øvre Årdal, - innfallsport.
Frå Turtagrø, - innfallsport.