For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Store Urdadalstinden (2116 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Product Image

Om

Store Urdadalstinden er ein middels vanskeleg topp, ikkje blandt dei mest krevjande, men heller ikkje blandt dei lettaste. Den er høgaste og nordlegaste ledd på ein fjellrygg som strekkjer seg 2-3 km sørover mot Semelholsbandet. Traversen over alle Urdadalstindane er ein klassisk og flott tur, men straks litt meir krevjande!

Beste utgangspunkt: Leirvassbu eller Spiterstulen
Høgdeforskjell: Ca. 1.020 meter fra Spiterstulen, ca. 750 meter fra Leirvassbu. 
Antatt tidsbruk: 6–8 timer, der 1–2 timer er retur
Ver obs på: Skred- og utglidningsfare. Tidvis avblåst og steinete toppflanke.
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern og skarejern.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og randonnée
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Krevande
Ned: Krevande
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevende
Brattaste parti: Inntil 40° bratt mellom 1700 og 2000 moh.

Fylg kvista løype gjennom Visdalen til området der bekken fra Semelholstjønne renn ut i Visa. Frå her fylger du det slake terrenget oppover til Semelholstjønne. Start bestiginga ved vatnet, og gå fjellsida i det slakaste terrenget oppover mot ryggen mellom Store og Midtre Urdadalstinden. Ver merksam på at dette er ei lang og bratt bestiging, slik at stabile snøforhold er påkravd. Når du nærmar deg ryggen kan du byrje å skrå oppover og fylge denne til topps på den store snøflanken vest for sjølve ryggen. For nedkøyring vel du primært same veg som opp. Er snøforholda fine kan det du velje ei rekkje ulike liner med variert og morosam skikøyring. Eit annet turalternativ som går i noko slakare terreng er å gå over Semelholstjønne og heller bestige Søre Urdadalstinden. Terrenget opp fra vatnet har noko bratte partier, men under gode snøforhold skal det være mogleg å navigere seg oppover med ski og feller. Deretter fylger du ryggen på sørsida av fjellet til topps, der det tidvis kan være noko avblåst. Er du på tur med fjellski, vil dette for dei  fleste vera eit betre alternativ enn den langt brattare bestiginga av Store Urdadalstinden.

VIKTIG
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.