For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Skjåk Adventure | Rafting og vannsport

TypeRafting

Ofossen Mølle, 2690, Skjåk

+47 47261672

Skjåk Adventure - rafting
  • Skjåk Adventure - rafting
  • Skjåk Adventure - rafting
  • Skjåk Adventure - rafting

Om

Skjåk Adventure er eit aktivitetsfirma i Skjåk som tilbyr aktivitetar i vatn og på land, med høgsesong om sommaren. 

Naturen i Lom og Skjåk er kjenneteikna av eit bredt spekter av elver som gir ei unik moglegheit for variasjon, fleksibilitet og tilpasning i aktivitetar knytt til fjell og vassdrag.

Her fins det noko for einkvar smak; frå store fossande stryk i Ottaelva, teknisk krevjande rafting i Skjøli og surfing i Ofossen til spanande familieturar for barn og unge. 

Skjåk Adventure har turar som passar dei fleste, frå familiar med små barn til skuleklassar eller utdrikningslag. Dei tek òg på seg arrangement for bedrifter. I tillegg til rafting, driv selskapet med juving og andre aktiviteter som elvebrett og oppblåsbare kajakkar, såkalla "Ducky". 

Rafting - vilt og vått i vannmassene: 
Opplev bølger, brusande stryk og kanskje òg ein surf? Du får god anledning til real nærkontakt med elva. På alle raftingturane får du heildekkande våtdrakter, våtsokkar, redningsvester og hjelm. Alt du treng å ta med er skotøy som tåler å bli våte (for eksempel joggesko), badetøy og håndkle. På kalde dagar kan det være greitt å ta med eit sett ullundertøy for å ha under våtdrakta. Alle turane startar med ein grundig sikkerheitsgjennomgang før ein kastar seg ut i elva! 

Juving - den totale naturopplevinga:
Juving er ein aktivitet der du går i ett med naturelementene. Nede i dei trange juva leiker vi oss med vannmassane og det som naturen gir oss av utfordringar. Iført våtdrakt, redningsvest og hjelm tek vi oss nedover elva ved å svømme stryk, hoppe ned i jettegryter, svømme inn bak fossar og skli nedover naturlege vannsklier. Aktiviteten bestemmes med andre ord av terrenget. På nokre av turane  har vi òg rå rappellar på opp mot 50 meter! 

Hydrospeed - på elvebrett nedover elva: Hydrospeed er eit slags brett av skumgummi som rekker deg ned til hoftene. Ein ligg med føtene ut i vatnet, slik at ein kan padle med føtene. Altså ein halvt svømmande posisjon. Hydrospeed er heilt ulikt rafting.  Her er du ikkje  elva som i ei rafteflåte, men derimot er du sjølv og hydrospeeden i elva, midt i stryka, midt i straumen og i bølgene heile tida! Og det er du sjølv som har kontrollen. 

Du blir utstyrt med ei 10 mm tykk heildekkande våtdrakt med ekstra beskyttelse på føtene for å beskytte mot eventuelle steinar. På føtene får du svømmeføtter spesielt tilpassa hydrospeed. I tillegg blir du òg utstyrt med redningsvest og hjelm.

Oppblåsbar kajakk - "Ducky": 
Ducky er oppblåsbare kajakkar som kan padlast med ein eller to personar. I desse båtane virkar elva mykje større og moglegheitene blir fleire.

I ein oppblåsbar kajakk kjenner ein godt kor sterke elva sine krefter er. Turen avsluttes med at vi forsøker oss på surfing i den berømte "Skjåk Wave"- surfebølga. I ein vanlig kajakk kreves eit visst nivå for å klare dette. I en ducky padlar vi oss inn i den kraftfull bølga og surfar i veg allereie på fyrste forsøk! Dette er ei rå oppleving!

Ducky kan også arrangerast som familietur, og er glimrande for barn og vaksne som kanskje har rafta tidlegare, og har lyst til å prøve noko nytt. Vi surfar bølger og padlar oss nedover straumen og kjenner på elvas kjempekrefter. Ein herleg aktivitet kor vaksne og barn kan få utfordringar som passar seg på tur nedover elva.

Kart

Veibeskrivelse

Skjåk Adventure held til på gamle Ofossen mølle, 2,5 km aust for Bismo.  

Sjå meir

Daytrip rafting Lom & Skjåk AdventureSkjåk Adventure | Dagstur rafting, SkjåkSkjåk Adventure tilbyr spanande opplevingar i Ottaelva, som er perfekt for rafting og andre morsomme vannaktivitetar.