Opplev bølger, brusande stryk og kanskje òg ein surf?
På raftingtur med Skjåk Adventure får du god anledning til real nærkontakt med elva. På alle våre raftingturar har vi heldekkende våtdrakter, våtsokkar, redningsvester og hjelm.
Utstyr:
Alt du treng å ta med er skotøy som tåler å bli våte (for eksempel joggesko), badetøy og håndkle. På kalde dagar kan det være greitt å ta med eit sett ullundertøy for å ha under våtdrakta. Alle turane startar med ein grundig sikkerheitsgjennomgang før vi kastar oss ut i det!
Etter sikkerhetspraten startar vi roleg med trening på ei oppvarmingsstrekke. Deretter tek våre dyktige guidar deg med til meir steinete, bratte stryk som krev teknisk rafting.
Kanskje blir det til og med ein "flipp", om du er klar for det. For Skjåk Adventure er rafting ein lidenskap og vi kan ikkje motstå ein surf eller eit hopp i den kjende Skjåk-bølga.
Varigheit: 5-6 timer, inkl. sikkerhetsprat, lunsj og transport.