For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Salgsustilling Orsolya Haarberg & Erlend Haarberg| JOTUNHEIMEN

TypeKunst

Bergomsvegen 17, 2686, Lom

61 21 29 90

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

​​​​​​Velkomen til salgsutstillinga "Jotunheimen" med dei prisbelønte naturfotografane Orsolya Haarberg og Eivind Haarberg på Turistinformasjonen i Lom. 

Vi er så heldige å få lov til å huse salgsutstillinga "Jotunheimen" i turistinformasjonen sine lokale på "Nilsbue" i Lom sentrum.

Dei internasjonalt prisbelønte naturfotografane Orsolya Haarberg og Erlend Haarberg er busette i Vågå, og ferdast ofte til fjells i den ville naturen i Jotunheimen. Salgsutstillinga "Jotunheimen" er resultat av nokre av desse turane.

Om fotografane:

Orsolya Haarberg er opphaveleg frå Ungarn og er utdanna landskapsarktitekt. Ho gjorde lidenskapen sin for fotografering til eit yrke då ho flutte til Noreg i 2005. Ho har vunne fleire internasjonale prisar i ulike fotokonkurrransar, inkludert den presisjetunge Natural History Museum Wildlife Photographer of the Year.

"Som fotograf ser jeg etter det uvanlige i hverdagen. Jeg leter etter detaljer eller det uventede lyset som tilfører landskapet drama eller magi. Jeg prøver å fange attraktive kombinasjoner av farger, klare og enkle komposisjoner. Det gjør jeg også når jeg jobber med dyr. Med noen få unntak er det ikke adferden jeg vil dokumentere, men prøve å få dyrene som et lite men viktig blikkfang i det store landskapet."

Eivind Haarberg er utdanna biolog, og har arbeidd som frilans naturfotograf sidan byrjinga av 1990-talet. Han har vunne fleire prisar i fotokonkurransar over heile verda. og vart mellom anna kåra til Europameister i naturfotografering i 2017. Han er også kåra til "Årets naturfotograf" i Noreg heile seks gonger. 

«Som naturfotograf føler jeg meg privilegert som får muligheten til å oppleve naturens skiftende ansikter gjennom de ulike årstidene."

Sidan 2005 har Orsolya og Eivind arbeidd saman som eit team. Arbeidet deira har blitt publisert over heile verda, inkludert National Geographic, BBC Wildlife Magazine og magasinet GEO. Dei har óg laga fire bøker Lapland—the Alaska of Europe, Iceland—land of contrasts, Iceland in all its splendor, og Laponia—Majestic Stillness. 

 

Kart

Opningstider

Sesong (22 jun 2020 - 31 aug 2021)

* Utstillinga er open i kontortid kl. 10-15.

Sjå meir

Fossheim steinsenter | Solhell-hytta, LomSolhell-hytta er ei sjarmerande tømmerhytte til leige midt i Lom nasjonalparklandsby.