Ved foten av det karakteristiske fjellet Kyrkja ligg Leirvassbu ideelt til med tanke på breturar, fjellvandring, toppturar, brekurs, vårskiløping, klatring og fisking. Du kan nå om lag 50 toppar over 2000 m.o.h. frå Leirvassbu.
Guida turar
Leirvassbu har guiding til forskjellige toppar rundt turisthytta. Blant anna er Storebjørn, Midtre Høgvagltind og Semmelholstind av dei mest populære i området, der ein óg må krysse bre for å kome til topps. Dei guider og på andre topper og traverser i nærleiken på forespørsel, som for eksempel over Smørstabbrean og ned til Krossbu.
Dawa Tenzing Sherpa
Dawa Tenzing Sherpa frå Rolwaling i Nepal er Leirvassbu sin faste guide om sommaren, og det har han vore det dei siste 11 åra. Han er godt kjent i området, og når han ikkje guider rundt Leirvassbu, fører han på ulike topper i Himalaya. Han har vore på sju toppar over 8 000 meter, og har bestege Mount Everest heile 11 gonger.
Lokale guidar
Når Leirvassbu treng ekstra guider, nytter dei seg av lokale guidar og andre guide-selskap frå Lom. Det er stort sett desse som óg blir brukt ved guiding frå Leirvassbu vinterstid.
Om du ikkje ynskjer å gå på topper, er det mange fine og enkle turmoglegheiter og ikkje minst moglegheit for å få ein aure på kroken i elver og fiskevatn i området.
Booking
Du må ikkje bu på Leirvassbu for å kunne booke turar. For bestilling, send e-post til post@leirvassbu.no eller ring +47 61 21 12 10.
Vegen i Leirdalen: Utanom sesong er vegen inn til Leirvassbu stengt med bom ved Geitsætre/Illåe, om lag 5 km inn i dalen (frå fv55 Sognefjellsvegen). Vegen frå fv55/Sognefjellsvegen og inn til hytta er ca. 14 km og det er betalingsbom 1 km etter avkjøyring frå fv55. I sommarsesongen kjem du heilt inn til hytta med bil. I vintersesongen er vegen inn til Leirvassbu brøytt til Sletthamn, om lag 9 km etter du har køyrt av frå fv55. Her kan du parkere. Det er da ca 6 km frå parkeringsplassen og inn til hytta. Du kan gå på ski inn etter kvista løype, eller – viss du skal sove på Leirvassbu – bestille transport med scooter/beltevogn. 150,- pr person, dobbel pris etter kl. 23.
For bestilling av transport, ring eller send e-post seinast kvelden før ankomst. Det er dårleg mobildekning på parkeringsplassen på Sletthamn.
Fjellbuss: I høgsesongen på sommaren (juli og august) går det buss til og frå Leirvassbu. en-tur.org.
Bil: Leirvassbu ligg berre 45 km, eller om lag ein time med bil, frå Lom sentrum. Følg Rv 55 frå Lom og ta til venstre mot Leirdalen etter 30 km. Bomveg kr. 40,-
Velkomen til fjells!