For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Galdhøpiggen | Guida tur frå Juvasshytta

TypeTopptur sommer

Galdhøpiggvegen 1474, 2687, Bøverdalen

Sjekk tilgjengelighet forGaldhøpiggen | Guida tur frå Juvasshytta (Åpnes i et nytt vindu)

+47 61211750

  • Galdhøpiggen fra Juvasshytta
  • Galdhøpiggen_Ove Nestvold
  • Galdhøpiggen_Ove Nestvold
  • Galdhøpiggen_Ove Nestvold
  • Følge over Styggebreen, blå himmel
  • Masse mennesker som følger stien opp mot breen og Galdhøpiggen
  • Brefører Per Arne klargjør tau ved brekanten
  • Mennesker som koser seg ved brekanten snart klare for avgang
  • Hytta på toppen i sommersol, barn koser seg

Om

Guida tur over Styggebrean til Norges tak - Galdhøpiggen: 

Juvasshytta ligg 1840 m.o.h., og er eit naturleg utgangspunkt for turar til Noregs høgaste fjell – i guida taulag. I sommarsesongen er det daglege guida turar til topps. Om vinteren er vegen stengd med bom ved Raubergstulen (1000 m.o.h.), og ein lyt da gå på ski frå her.

Turen frå Juvasshytta til toppen av Galdhøpiggen er ca 5 km lang - med ei stigning på 650 høgdemeter. Turen på totalt ca 12 km. tek normalt 5-7 timar (tur-retur fra Juvasshytta).

Sommarsesong: 
Høgsesong frå ca. 1. juni - midten av september. (Kontakt Juvasshytta for turar før 1. juni)

Tider for guida turar om sommaren: 
09:00 - for buande gjestar på Juvasshytta i juli og august.
10:00 - for alle, booking på førehand.*
11:30 - for alle, booking på førehand. *

* Det lyt vere minimum vere 5 personar i gruppa. Gruppa blir satt saman av fleir turlag, så om du er ein eller to personar, kjem dykk da i gruppe med andre. 

Du kan booke billett til guida tur på heimesida til Juvasshytta.
 

Om turen: 

Oppmøte:
Turen startar frå klatreveggen på vestsida av hovudhuset på Juvasshytta, ved informasjontavlane. Breførarane kjem ut 15-30 min før avgang avhengig av kor mange som skal vere med på dagens tur.

Det blir gjeve felles informasjon. Selar blir utdelt og tilpassa den enkelte. Barn brukar kroppssele, og desse krever litt meir justering. Guidane organiserer dette. Ved høve blir òg brodder utdelt. Alle bør ha litt mat i magen før turen startar og drikke lett tilgjengeleg.

Fyrste etappe - til brekanten:
Fyrste etappe av turen går inn til brekanten. Etappa går i slak stigning i omlag 2,8 km og tek ca. 1 time. Toppen ser du allereie frå her dersom sikta er god. Her tek gruppa den fyrste pausa, og det er lurt å få i seg mat og drikke. Juster påkledninga da det ikkje blir moglegheit for å justere klede under etappa over breen. Breførar gjev informasjon og grunnleggande informasjon om brevandring. 

Andre etappe - over breen:
Brekanten ligg 2000 meter over havet. Turen over Styggebrean til Piggura er ca. 2 kilometer lang og tek vanlegvis ca 50 min. Her går deltakarane i taulag.
- Over breen er det viktig med stramt tau mellom alle turdeltakarane. 
- Dei som ynskjer å gå i same taulag, vener og familie, passar sjølv på at dei stiller seg opp samla ved taua.
- Ta spesielt omsyn til familiar slik at barn ikkje går åleine.

Etter å ha kryssa breen, kjem ein til den såkalla "Piggura", den siste etappa før du er på Noregs tak.

Tredje etappe - Piggura til topps:
Deltakarane knyter seg ut av taua på beskjed frå brefører, og tek ei lita pause. Nå startar den den brattaste delen av turen, som tek mellom 30-60 minutt. Så er du på Noregs tak, 2469 meter over havet! 

Det blir ei god pause på toppen, og tid til å eta niste, nyte utsikta og å ta bilete. På toppen av Galdhøpiggen ligg det ei steinhytte. Her kan du få kjøpt kaffi, pølse, sjokolade, t-skjorter, postkort og liknande. Merk deg at her tek dei berre kontantar. Du må ha med deg vatn sjølv, sidan brevatn ikkje er anbefalt å drikke.

Returen - samme veg som du kom opp: 
Breførarane har avtalt møtetidspunkt anten på toppen, eller attende ved tauene nederst i Piggura. Sørg for å halde tida, og sett gjerne av litt ekstra tid ned att. Viss vêret er dårleg, går alle samla ned att frå toppen. 
 

Meir informasjon: 

Utstyrsliste
Vêret kan vere ganske heftig på veg mot Galdhøpiggen, og endrar seg raskt. Viss turdeltakarane ikkje er for dårleg kledd eller manglar viktig utstyr, kan guidane av sikkertheitsomsyn nekte deltakarar å vere med på tur. Hugs difor godt med mat og drikke - og kle deg etter vêr og føre! 

Klede - og pakkeliste: 
- Gode sko - helst fjellsko. (ikkje joggesko! ). Fjellsko kan leigast på Juvasshytta.
- Gamasjer (særleg i juni og juli). 
- Solbriller
- Varm lue/caps
- Vottar
- Solkrem
- Vatn - og vindtette ytterklede (både jakke og bukse)
- Skift (trøye)

Juvasshytta har eigen fjellbutikk kor du kan handle klede og utstyr til vanlege butikkprisar. 

Hund på bretur: 
Turen til Galdhøpiggen er ein fin tur for hundar som er vande til å gå i fjellet.
Det er viktig å hugse på at grovkorna is på breen kan slite på potane. Hundens potar bør vere herda eller ein bør bruke sokkar eller potesalve. Det er viktig at hunden er sikker over breen. Dei kan òg falle i ein bresprekk. Hunden skal difor ha en god sele som har magereim som sitt så godt at hunden kan lyftast i selen uten å falle ut. 

Kart

Veibeskrivelse

Veg - til Juvasshytta: 

Frå Lom til Juvasshytta er det 33 km. Du køyrer fv 55 mot Sognefjellet og tek av på Galdesand. Her er det godt skilta mot Juvasshytta. Galdhøpiggvegen, Nord-Europas høgastliggande bilveg, tek deg med på ei 15 km lang asfaltert oppstigning i variert natur, frå lun barskog til snaufjell, isbrear og permafrost. På finværsdagar er utsikta spektakulær langs hele vegen, som startar 550 moh. ved Galdesand og stig opp til 1841 moh. ved Juvasshytta. Etter ca. 5 km ved Raubergstulen er det bomveg med kortbetaling. (100,-/personbil).

Undervegs finn du òg Galdhøpiggen Klatrepark og Storhaugen gard ein liten sving unna. Frå toppen kan du nyte sol, slush og sommarski. Om du likar å sykle, er dette Noregs svar på Mont Ventoux, i følge tidlegare proffsyklist Ole Kristian Silseth. 

Opningstider

* Ope for booking i sesongen

Sjå meir

Juvasshytta | Turisthytte, LomJuvasshytta er Noregs høgstliggjande fjellstue og nærmaste utgangspunkt for turar til Galdhøpiggen.

Galdhøpiggen 2469 moh. - Norges høgaste fjell, Lom"Noreg sitt tak" ligg 2469 meter over havet i Lom kommune. Fjellet heiter Galdhøpiggen, og er og den høgaste toppen i Nord-Europa!

Galdhøpiggvegen |Nord-Europas høgastliggjande bilveg, LomGaldhøpiggvegen, Nord-Europas høgastliggande bilveg, tek deg med på ei 15 km lang asfaltert oppstigning i variert natur, frå lun barskog til snaufjell, isbrear og permafrost.

Topptur på ski: Galdhøpiggen (2469 m.o.h.) - frå Raubergstulen, LomTOPPTUR TIL GALDHØPIGGEN FRÅ RAUBERGSTULEN - 2469 m.o.h. Til Noreg sitt tak på vinterstid! Du har kanskje vore på Galdhøpiggen, men har du køyrt ned frå Norges høgaste fjell på ski?

Juvasshytta | Juva, Lom"Juva" er eit nytt og topp moderne bygg på Juvflye, knytt til turisthytta Juvasshytta. Her finn du mellom anna 10 dobbeltrom med eigne bad og heilt unik utsikt.

Topptur på ski: Galdhøpiggen (2469 m.o.h.) - frå Spiterstulen, LomTOPPTUR TIL GALDHØPIGGEN FRÅ SPITERSTULEN: Ta med deg skia til Norges tak under vårskisesongen i Jotunheimen!

Topptur på ski: Vesle Galdhøpiggen (2369 m.o.h.) - frå Juvasshytta, LomTOPPTUR TIL VESLE GALDHØPIGGEN - 2369 m.o.h. Spennande tur til Galdhøpiggen sin "veslebror" - med luftig ryggtravers.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no