For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Gjendeguiden | Tur og guiding i Jotunheimen

TypeAktivitetsselskaper

Moavegen 1, 2680, Vågå
Guided tours, Besseggen, jotunheimen, mountains, gjende
  • Guided tours, Besseggen, jotunheimen, mountains, gjende
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Bak Gjendeguiden står ein friluftsinteressert og triveleg gjeng som har lyst til å vise deg godbitane i Jotunheimen med låge skuldre. Dei har alle brei og lang erfaring innan ulike formar for friluftsliv - og kjenner mange av fjella kring Gjende like godt som si eiga lomme. 

Til vanns og til lands og i lufta med! Opplev eventyrlege Jotunheimen på nytt og spanande vis i lag med Gjendeguiden. Gjendeguiden har vegledere med brei kompetanse og lang erfaring frå arbeid med folk og grupper i høgfjellet.

Storslåtte Gjende og Sjodalen i Jotunheimen er Gjendeguiden sitt leikeland og klasserom. Her tek dei deg med på tur omgitt av høgfjell i Norgestoppen, seterdalar fylt med levande tradisjonar og ureist lokalmat, knuskturre stiar og brusande fjellbekkar. Anten framkomstmiddelet er stisykkel, fjellstøvlar eller ski byr dette på området på eventyrlege aktivitetar for alle ambisjonsnivå - og med Gjendeguiden i turfølget kjem du garantert like heil heimatt og med minnebrikka full.  

Tur med førar: 
Gjendeguiden skreddersyr turen for deg, og byr på turar til fots, i kajakk, på sykkelsetet og ski etter ditt ynskje. Dei har gode samarbeidspartnere på overnatting og lokale matopplevingar, og legg gjerne opp ferdige pakker for deg og ditt følgje.

I tillegg arrangerer Gjendeguiden gruppeturar og kurs du kan melde deg på. Sjekk ut aktivitetskalenderen her: https://www.gjendeguiden.no/program/

Kurs:
Vil du lære meir om høgfjellet? Gjendeguiden har allsidig kompetanse, og lang erfaring frå vegleiing  av grupper i høgfjellet.

Kursa våre er særs praktisk retta og foregår i Norges flottaste høgfjellsterreng i Jotunheimen. På kurs med Gjendeguiden vil du få meire kunnskap, gjere eigne erfaringar og vurderingar, og betre dine basisferdigheitar. Det vil gjera fjellturen din både tryggare og artigare. Å kose seg på tur er viktig, og på desse kursa legg dei opp til eit godt læringsklima der du som deltakar kan møte med låge skuldrer, uansett kva bakgrunn du har! 

 

Fasiliteter

Aktiviteter

  • aktiviteter tilbys
  • guide
  • Guidet tur
  • guiding
  • kurs
  • sykkeltur
  • sykling

Natur og terreng

  • bratt
  • fjell
  • fjell.
  • fjellterreng
  • klima

Spesial

  • nasjonalpark

Utleie

  • ski

Vintersport

  • ekspedisjon
  • off-piste
  • ski
  • topptur
  • turskiutleie

Kart

Opningstider

Sesong (1 jan 2020 - 31 des 2020)