Gjendeguiden | Lokale førarar held kurs og turar i Jotunheimen

TypeAktivitetsselskaper

Moavegen 1, 2680, Vågå
Besseggen om vinteren er ein magisk opplevelse!
  • Besseggen om vinteren er ein magisk opplevelse!
  • På veg innover Bessvatnet, med majestetiske Besshøe i front. Kanskje du vil bli med oss på tur her i området?
  • Sidan vi bur i området så veit vi kor vi skal gå for å finne den beste snoen, og er vi heldige så blir det pudder og god stemning ila turen.
  • Fjellskia er kjempefine til bruk på vårskitur i Jotunheimen.
  • Stødig fjellskikjøring nedover på breen. Kjenner du til breane og korleis du skal ferdast trygt på desse?
  • Vi har mindre grupper ute på tur, då vi meiner dette er til det beste for dere som deltek. Vår erfaring er at det gir best læring og ikkje minst sikkerhet.
  • Skredkurs i Jotunheimen, der deltakerane får presentert eindel ulike tema i tillegg til at dei skal utføre dette sjølv. T.d
- Kameratredning
- Turplanlegging
- Undersøkelse av snødekket
- Stabilitetstestar
- Praktisk tilnærming av skredfarevarselet frå varsom.no
  • På alle vår kurs er det viktig for oss å presentere ulike verktøy, slik at du kan bruke desse neste gang du skal planlegge turen din. Her er det RegObs frå VARSOM som vises i kombinasjonen med eit vanleg turkart.
  • Veit du kor mange ulike snøkrystallar som finnes? Og kva har det å seie for deg når du skal på topptur og kjøre ski?
  • Her gjennomgår Ørjan ein stabilitetstest (ECT) for gruppa si. Ved å bare ha 6 deltakere får alle mulighet til å sjå, stille spm og ikkje minst personleg oppfølging undervegs i kurset.
  • For at toppturen din skal bli ein god opplevelse så er det viktig å kjenne utstyret sitt, og kunne bruke dette riktig.
  • Våren er ei kjempefin tid for turar på fjellski. Her frå ein tur på Valdresflya og Rasletinden.
  • Vårskikjøring i Jotunheimen.
Kan du sette ein fin telemarksving? 
Viss ikkje så kan vi hjelpe deg!
  • Bike and ski.
  • Besseggen er fjellryggen som ligg mellom fjellvatnet Gjende på 984 moh i sør, og Besshø (2258moh) og Bessvatnet på 1374 moh på nordsida. På «bandet», det smalaste partiet mellom vatna, er det berre nokre få meter som hindrar Bessvatnet i å renne over og stupe nesten 400 meter rett ned i Gjende!
  • Her er vi på veg opp Jostigen, ein lokal og bratt variant av Besseggen.
  • Avslapping undervegs på stisykling i Vågå med utsikt mot Glittertinden og Jotunheimen.
  • Stisykling er ein fin opplevelse for heile familien. Vi samarbeider med utleigefirma som har både vanlege syklar og elektriske. Har du prøvd ein fulldempa elsykkel? Det er moro, og du blir garantert sliten etter turen!
  • Kultursykling i Vågå. Vil du være med?
  • Vi tilbyr både stisykling og kajakk, og vi har kajakkar til utleige.
  • Padling på eit av våre fjellvatn eller vassdrag er ei eiga oppleving. Du kjem tett på dyrelivet, og finn mange små perler på turen der du kan gå i land og slappe av eller eta lunchen din.
  • Har du prøvd å padle på ein av dei irrgrøne fjellvatna i Vågå, Lom eller Skjåk? Du kan bli hekta;)

Om

HELS PÅ GJENDEGUIDEN! 

Vi er ikkje så mange, men til gjengjeld er vi er heile året for deg!

GJENDEGUIDEN har kontor i Vågå, men arbeidsplassen er heile Jotunheimen. Kanskje er vi ikkje så ulik reinen, som vandrar rundt i fjellheimen og gjer sitt beste for å henge med gjennom dei litt utydelege sesongskifta som Norges flottaste høgfjellsområde byr på….

Gjendeguiden har vegledere med brei kompetanse og lang erfaring frå arbeid med folk og grupper i høgfjellet. Med utdanning og bakgrunn frå høgskule, Forsvaret, Norsk Luftambulanse og Røde Kors, byr våre faste vegledere på seg sjølve for at du skal få ei trygg, spennande og innhaldsrik turoppleving. I høgfjellet arbeidar GJENDEGUIDEN alltid med gode marginar med tanke på kursdeltakarane sin tryggleik, og vår eiga.

La Gjendeguiden lyfte fjellturen din til eit minne for livet!

Tur med førar: 
Gjendeguiden skreddersyr turen for deg, og byr på turar til fots, i kajakk, på sykkelsetet og ski etter ditt ynskje. Dei har gode samarbeidspartnere på overnatting og lokale matopplevingar, og legg gjerne opp ferdige pakker for deg og ditt følgje.

I tillegg arrangerer Gjendeguiden gruppeturar og kurs du kan melde deg på. Sjekk ut aktivitetskalenderen her: https://www.gjendeguiden.no/program/

Kurs:

Vil du lære meir om høgfjellet, skred, kart og kompass eller eit sjølvalgt tema? Vi har allsidig kompetanse, og lang erfaring frå vegleiing av grupper i høgfjellet.

Kursa våre er særs praktisk retta og foregår i Norges flottaste høgfjellsterreng i Jotunheimen. På kurs med GJENDEGUIDEN vil du få meire kunnskap, gjere eigne erfaringar og vurderingar, og betre dine basisferdigheitar. Det vil gjera fjellturen din både tryggare og artigare. Å kose seg på tur er viktig, og på våre kurs legg vi opp til eit godt læringsklima der du som deltakar kan møte med låge skuldrer, uansett kva bakgrunn du har! 

Med Jotunheimen som verda beste klasserom, kan Gjendeguiden tilby kurs heile året i; turplanlegging, kart/kompass/GPS, ski og skred, vinterfriluftsliv, stisykling, padling. Vi har kurs både med grupper og  enkeltpersonar. Vi gjev deg kunnskap så du sjøl kan lære å mestre fjellet og gjere turane dine over og under tregrensa tryggare og artigare.

Miljøfyrtårnsertifisert

Som eitt av foreløpig få aktivitetsselskap i Norge har GJENDEGUIDEN vorte godkjent som MILJØFYRTÅRN!

Vi har teke nokre viktige valg i korleis vi utviklar gode reiselivsprodukt og legg til rette for våre gjestar. Ved å tilpasse drift og forretningside etter strenge kriteriar innan områder som arbeidsmiljø, avfallshåndtering, energibruk, innkjøp og transport, blir vi flinkare til å tenkje miljø på alle plan i vårt daglege arbeid. Ei sertifisering som Miljøfyrtårn gjer ikkje ikkje våre turtilbod rimelegare, men DU som gjest kan heldigvis også ta viktige valg når du velger turselskap på ditt neste eventyr i Jotunheimen!

Fasiliteter

Aktiviteter

  • elgsafari
  • foredrag
  • fotturer
  • fritidsaktiviteter
  • guide
  • Guidet tur - Terrengsykkel Toppturar Besseggen sommar og vinter Jotunheimen
  • guiding
  • historisk vandring - Historisk vandrerute Jotunheimen
  • innsjøpadling
  • kajakkpadling - Grunnkurs Hav Teknikk kurs
  • kurs - Skredkurs Toppturkurs Ny på rando Ski og bre Grunnkurs Hav Teknikk kurs
  • spesialturer arrangeres
  • sykkeltur
  • sykling
  • teambuilding

Arrangementstyper

  • Bedriftsmøter - Møterom Besseggen
  • Natur

Båter

  • kajakk

Deltagere må ta med

  • fjellsko
  • hansker/votter
  • hjelm
  • hodelykt
  • klær
  • lakenpose
  • ryggsekk
  • solbriller
  • solkrem
  • termos
  • utstyr
  • vannflaske
  • vanntett tøy
  • varmt tøy
  • vindtett tøy

Natur og terreng

  • badestrand
  • barskog
  • bjørk
  • bratt
  • elg
  • elv
  • elver
  • fjell
  • fjell
  • fjellterreng
  • fotturområde
  • furu
  • gran
  • grenser til nasjonalpark
  • gresslette
  • høydeforskjell
  • høyfjellsplatå
  • innsjø
  • isbreer
  • juv
  • klima
  • kulturlandskap
  • kupert
  • landskapsvernområde
  • liten sti
  • løvskog
  • lyng
  • myr
  • nasjonalpark
  • natur
  • naturreservat
  • skog
  • skogsområde
  • stenete
  • stor sti
  • ulendt
  • utsikt
  • utsiktspunkt
  • vær

Prisnivå

  • høyt
  • middels

Sertifikater

  • sertifikat kreves - Krev våttkort for å leige kajakk

Sesong

  • Hele året
  • Høst
  • Sommer
  • Vår
  • Vinter

Spesial

  • attraksjoner
  • fjellområde
  • innsjøområde
  • nasjonalpark
  • øko produkter brukes delvis
  • skogsområde
  • tilgjengelig med offentlige transportmidler
  • vann

Språk

  • engelsk
  • fransk
  • norsk

Tema

  • Aktiv ferie
  • For hele familien
  • Kultur og historie
  • Lokale smaksopplevelser
  • Naturopplevelser
  • Uddannelse/Informasjon
  • Verdt å besøke - Besseggen Jotunheimen

Utleie

  • kajakk
  • utstyr kajakk

Vintersport

  • alpint
  • ekspedisjon
  • off-piste
  • ski
  • skilek
  • topptur
  • truger
  • turskiinstruksjon
  • turskiutleie

Kart

Opningstider

Sesong (1 jan 2020 - 31 des 2020)

* Vi er ofte ute på tur i skog og mark, og ikkje så mykje på kontoret.
Dersom du har spm eller ynskjer ein egen tur eller kurs, så kan du sende oss ein mail: gjendeguiden@gmail.com
Då skal vi svare deg så snart vi får mogelegheit.