BrimiBue ligg midt i nasjonalparklandsbyen Lom. Her finn du hotell og restaurant, samt ein liten butikk ved inngangen.
I butikken hjå BrimiBue kan du boltre deg i spanande produkt frå små matprodusentar, samt Arne Brimi sine knivar, syltetøy og krydder. I tillegg sel BrimiBue sine eigne heimelaga produkt, som varierar etter sesong. Dei syltar grønsakar, lagar vaniljesukker og bringebæreddik, samt ein knekkebrødmiks som gjer det enklare for deg å reise heim å lage eigne knekkebrød.
Er du kanskje på leiting etter ei gåve til nokon som har "alt"? Da finn du nesten garantert noko som vil falle i smak her.
Velkomen til ein smakfull og spennande lokalhandel!
* Ope i sommarsesong.