For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Ysteri og gardsmat på Brimi sæter

TypeGårds Café /Butikk

Smørlivegen, 2685, Garmo

+47 40075154

  • Fjellsmaken: Sæterost
  • Foto: Cathrine Dokken
  • Product Image
  • Foto: Cathrine Dokken
  • Foto: Cathrine Dokken

Om

I seterysteri på Brimi sæter blir det produsert rømme, smør, kjuke (pultost) og kvitost. Her kan du fylgje heile prosessen frå mjølking til ysting og ost på lager gjennom store vindauge.

Ysthuset har også ein modningskjellar der kvitosten blir lagt til modning gjennom vinteren. Her blir luftfuktigheit og temperatur regulert naturleg fordi vi har jordgolv med steinpukk oppå, slik dei gamle kjellarane ofte hadde. Vi har eit rom ved sidan av der du som gjest kan sjå osten som ligg lagra gjennom store vindauge.

Innblikk i gamal tradisjon:
Setermjølka er ei for fin råvare til å gå i den store ”tanken” hjå Tine. Vi ynskjer at forbrukaren skal få oppleva produkt laga på setra. På grunn av beite i høgfjell får mjølka ein heilt annan kvalitet. Smøret blir gulare og osten smakar meir! Ysting er eit handverk som dei gamle budeiene la all si sjel i, og som var viktig for økonomien på garden. Vi har lært den gamle ystinga av budeia vår Embjørg på over 90 år.

Sommarstid har vi seterutsal og seterkafé, der vi sel eigne og andre lokale produkt, og der du kan kose deg med ekte seterkost, på låven eller ute på tunet mellom 11-18 kvar dag.

Velkomne!

Kart

Sjå meir

Brimi sæter, LomPå Brimi sæter byr vi på unike opplevingar, eigenprodusert mat og lærdom for liten og stor. Du blir kjent med gardsdyra og historia, og får sjå korleis mjølka vert til ost.

Brimi sæter, LomPå Brimi sæter får du oppleve ekte seterliv og kulturhistorie, med glade gardsdyr og vakker natur. Du kan overnatte i gamle seterhus, briskar på låven eller lavvo på tunet.