For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Nordal turistsenter | Restaurant

TypeRestaurant

Bergomsvegen 15, 2686, Lom

Sjekk tilgjengelighet forNordal turistsenter | Restaurant (Åpnes i et nytt vindu)

+47 61 21 93 00

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Nordal Turistsenter ynskjer velkomen til ein hyggeleg kafeteria i Lom sentrum. Her serverer vi eit variert utval av kaker og kaffe, smørbrød eller middagsrettar.

På Nordal Turistsenter finn du ein tradisjonsrik kafé, der den eldste delen vart brukt til ferdamannskvile frå 1897 og framover. Besøkjer du kafeen vil du oppleve ein bit av denne ferdamannskulturen.

Trivelege lokal, der du kan nyte alt frå ein enkel kaffikopp, til lette salatrettar og saftige biffar. Pizzameny med heimelaga pizza, som du kan ta med deg heim eller ete her. Leit og du finn leikerom med video og duplo til dei minste. På fine vérdagar kan du kose deg med maten på vår perle av ei uteservering som har utsikt til fossen og kyrkja. Ynskjer du å sjå yrande folkeliv, kan du sitje på uteserveringa mot sentrum. Kafeen har øl og vinrett.

Spesialitetar: 
Vi anbefaler også å prøve ein av våre spesialitetar; Bøverdalsbiff eller fisk frå elva Bøvra, som er vår næraste nabo.

For barn:
Barna skal trivast, og vi tilbyr ein spanande barnemeny, med mellom anna taco og pizza. Et så mykje du vil! Vi har også eit innhaldsrikt leikerom for dei små. Her er det ingen som ventar utålmodig på at dei vaksne skal avslutte middagen! Våre camping- og hotellgjester ynskjast òg velkomen til ein rikhaldig frokostbuffet.

Nyt finvêret! 
Du kan også nyte finvêret utandørs i vår idylliske hage med utsikt mot elva og Lom stavkyrkje. Her kan du også ta deg ein svingom enkelte sommarkvelder.

Fasiliteter

Mat og drikke

  • à la carte
  • barnemeny
  • hamburger
  • Lokale retter
  • norsk mat
  • pizza
  • tradisjonsmat
  • uteservering

Kart

Opningstider

* Frå mai til november.

Sjå meir

Nordal turistsenter | Hotell, hytter og camping, LomNordal turistsenter ligg midt i nasjonalparklandsbyen Lom, og er eit tradisjonsrikt hotell med campingplass og restaurant.

Pub at Nordal Tourist Center in Lom, JotunheimenNordalsfjoset | Pub, LomNordalsfjoset pub er eit 90 år gamalt, godt bevart fjos knytt til Nordal turistsenter i nasjonalparklandsbyen Lom. 

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no