For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Skjåkmat - kultur for god smak
Når det kjem gjester til gards, skal det likaste på bordet – og det skal vere rikeleg. Mattradisjonane i Skjåk er like rause og romslege som menneska i bygda. Mat frå Skjåk, produsert under merkevara "Skjåkmat" har vunne ei rekke prisar og er godt kjende for sin heimelaga spekemat.
Skjåkmat er dreve som ei familiebedrift på Skjåk Turistheim. Produkta våre vert selde under varemerket «Mat frå Skjåk» Alt er laga etter gamle oppskrifter, tilpassa nye og meir moderne produksjonsmetoder, samtidig som vi tek vare på det handtverksmessige. Vi prøvar å utvikle nye og spanande produkt med inspirasjon frå mange forskjellege matkulturar. Men vi har heile tida det for auga at vi skal lage alle våre produkt på ein rein og naturleg måte og bruke dei beste råvarene som til ein kvar tid er tilgjengelige og på ein slik måte at vi tek vare på og vidareutviklar dei rike mattradisjonane i Skjåk.
Likomsorg har alltid prega måten å vere på, også når ein skal by på noko å eta. Vi er frå naturen si side forsynt med eit rikt spiskammers. Det brukar vi med respekt og omtanke i alle våre produkt. For oss er ikkje kvalitet eit krav, men ein nedarva del av kulturen vår.
Du finn Skjåk Turistheim | Skeid Kro ved rv.15 midt mellom Lom, Stryn og Geiranger. Vi har 13 hotellrom, 11 campinghytter, kro med 150 plasser, selskapslokaler og møtelokaler som passar for 10 – 170 gjester.