For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Glitterheim | Restaurant

TypeServering i fjellet

Veodalsvegen, 2686, Lom

Sjekk tilgjengelighet forGlitterheim | Restaurant (Åpnes i et nytt vindu)

+ 47 61231833

Product Image
  • Product Image
  • Interiør på Glitterheim turisthytte
  • Gamle treveggar på Glitterheim turisthytte
  • Peis på Glitterheim turisthytte
  • Spisesalen på Glitterheim
  • Oversiktbilete Glitterheim Turisthytte

Om

På Glitterheim får du tradisjonsrik fjellkost, laga på gamle oppskrifter og lokale råvarer. Du er garantert mat av høg kvalitet, med historia til råvarene servert attåt.

Det er viktig for oss å nytte råvarene vi har i fjellet og vi lagar så mykje som mogleg av maten sjølve. All spekemat er laga i Glitterheim, av elg, hjort, rein, rådyr, sau, gris og hest. Vi røyker og speker hestekjøt, og varm- og kaldrøyker fisk med einer. Sylting og graving er også noko vi gjer frå tid til anna. Vekstar som rabarbra og kvann nyttar vi i dessertar, syltetøy, chutney med meir.

Vi tek i mot slakt, og nytter gamle oppskrifter for å lage tradisjonsrike pålegg som til dømes reinsdyrleverpostei. Nybaka brød og varme bollar er sjølvskrivne til alle frukostar på Glitterheim.

På dagtid har vi dagens sandwich og dagens suppe på menyen frå kl. 13.00 - 17.00.

Middag serverast kl. 18.30 og 19.30 (med unntak av onsdag og laurdag då det er koldtbord).
Fredagar er det mår (hjortehakk) til hovudrett, og på sundag har vi fisk. Om fiskelykka er god er det fisk frå Steinbuvatnet.

Maten vert serverert fram til kl. 21.00 og ingen gjester skal gå svoltne til sengs!

Koldtbord

På onsdagar og laurdagar er det koldtbord på Glitterheim kl. 18.30 og 20.00 – noko som etter kvart har vorte populært for tilreisande gjester óg. Det tykjer vi er stas!

Onsdag er det reinsdyrtunger, varmrøykt og sylta aure og kjøttsuppe kokt på reinsdyrkraft som står på menyen. Vi avslutter med rullekake til dessert.

Laurdag er det rumgraut med spekemat attåt – heimlågå så klart!


Sesong
​​​​​​
Medio mars - medio april og medio juni - medio september
 

Velkomen!

 

Fasiliteter

Medlem i

  • Den Norske Turistforening

Kart

Veibeskrivelse

Om vinteren har vi  transport heilt inn til trappa på Glitterheim. Kjem du med eigen bil, kan du køyre til Veolia i Sjodalen, der det er parkeringsplass. Vi abefaler E6 om vinteren, sidan Valdresflya er vinterstengd. Frå nasjonalparkgrensa til Glitterheim er det 7 km. Vi har sykkelutleige ved nasjonalparkgrensa - Glitterheim. Kr 75,- pr sykkel pr veg.  

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Med offentleg transport kan du ta buss eller tog til Otta, så ordner vi resten frå Glitterheim – på bestilling. Det blir i vinter satt opp bussar frå Otta til Veoli og vidare innover Sjodalen.  All transport fra Veoli må bestillast på Glitterheim, gl-heim@online.no eller tlf 61231833  (90015529 utanom sesong).

Vanlege avganger om vinteren er frå Veoli kl 16.00  Retur frå Glitterheim etter frukost.  Sidan vi ligg i nasjonalpark har vi kun høve til 3 turar per veke. Grupper kan bestille transport utanom oppsatte turar, så prøver vi så godt vi kan å ordne dette.

Utmerkelser

  • SM Miljøfyrtårn

Opningstider

* Hytta er ope for sjølvbetening med DNT-nøkkel i desse periodene:
15. februar - 13. mars, 14. april - 18. juni og 14 .september - 15. oktober 2020.

Sjå meir

Fottur til Glittertinden - 2452 m.o.h., LomNorges nest høgaste fjell Glittertinden, som ligg 2452 m.o.h., er ein majestetisk tind med flott utsikt utover store delar av Jotunheimen.

Topptur på ski: Glittertinden (2452 m.o.h.), LomTopptur på ski til Norges nest høgste fjell gir formidabel utsikt over store delar av Jotunheimen, og er eit ypperleg skifjell.

Rundtur over Ryggjehøe, Glitterrundhøe og Glittertinden - 2452 m.o.h., LomGå til Norges nest høgaste fjell Glittertinden, som ligg 2452 m.o.h., via 2000-meterstoppane Ryggjehøe og Glitterrundhøe

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no