For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Brimi sæter

TypeCafé

Smørlivegen, 2685, Garmo

+47 911 37 558

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Brimi sæter, sæterost, skråppå-tå
  • Product Image

Om

På Brimi sæter byr vi på unike opplevingar, eigenprodusert mat og lærdom for liten og stor. Du blir kjent med gardsdyra og historia, og får sjå korleis mjølka vert til ost.

Restaurant:
Brimi sæter er kjend for sin 4-retters spesialmeny "Skråppå-tå". Då set vi fram heimesmidde bordgrillar og byr deg på ei stemningsfull oppleving rundt langbordet på låven. Vi smeltar vår eigen ost, og mange gode smakar frå eigne dyr. Historier frå setra fortalt av Hans høyrer med. Eit sosialt måltid du vil minnast lenge, og ei spesiell oppleving vi får mykje positive attendemeldingar om.

Låvkafé:
I fellesferien har vi open kafé der vi serverar ekte sæterkost. Vi har kaffe og vaffel, rumgraut og spekemat og ellers prøvar vi å variere litt med andre råvarar vi har tilgang på. Om kvelden serverer vi vår unike 4- retters skråpå-tå meny ved langbordet på låven. (Bordbestilling)

Menyar:
Vi har erfaring med ulike selskap frå barnedåpar, konfirmasjon, bryllup, 60-års jubileum, firma- og venneturar. Låven på Brimi Sæter vil gje ei spesiell ramme uansett kva som skal feirast.

Vi kan sende menyforslag på forespørsel. Kontakt oss!

Kart

Opningstider

Sommarsesong (26 jun 2020 - 23 aug 2020)*
DagTider
Mandag - Søndag11:00 - 18:00*

* Seterkafeen er open kvar daf frå ca St. hans og ut august. Elles er det ope i helgene i skuldersesong.

Dates and times marked with a '*' are provisional and may be subject to change