For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Utkikkspunkt Sognefjellet: Opplev Jotunheimen nasjonalpark

TypeNaturattraksjon

Sognefjellshytta, 2687, Bøverdalen

+47 61 21 29 34

Utkikkspunkt Sognefjellet_Kari Sveen

Om

Ei spektakulær gangbru og eit nytt utkikkspunkt ved Sognefjellshytta skal gjere det enklare for folk flest å få eit mektig inntrykk av Jotunheimen nasjonalpark.

Du kan gå ein rundtur på om lag ein kilometer rundt vestre del av Fantesteinvatnet. Her er det mellom anna bygd ei 52 meter lang og 2 cm strekkbandbru over Fantesteinsvatnet. Både gangbane, bru og stig over til sørsida av vatnet har universell utform­ing, og vidare er det tilrettelagt med planert og grusa gangstig for at alle skal kunne ta seg fram. Avstikkaren opp til utsikten er vanleg turstig utan særleg tilrettelegging, og her får du flott utsikt mot store fjellmassiv som Hurrungane, Smørstabbtindane og Fannaråken.

Ved Sognefjellshytta spelar arkitekturen saman med norsk høgfjellsnatur.

Fakta om "Utkikkspunkt Sognefjellet":
Utkikkspunktet vart offisielt opna 20. august 2018 av statssekretær Atle Hamar frå Klima- og miljødepartementet.

Sognefjellshytta er etablert som den mest omfattande innfallsporten til ein nasjonalpark, som ledd i arbeidet med merkevara "Norges nasjonalparker". Utkikkspunkt Sognefjellet gir utsyn over Jotunheimen nasjonalpark.

Dronninga Landskap er landskapsarkitektar for utkikkspunktet og turvegen. Jensen & Skodvin er arkitekt for Nasjonale Turist­veger sitt bygg ved Sognefjellshytta. Gangbru og bordgangar er utforma i samarbeid med bruingeniør Florian Kosche. Stryvo AS frå Stryn har vore hovudentrepenør og ansvarleg for bru og andre stålkonstrukjonar. Ottadalen Anlegg frå Vågå har utført terrengarbeida.

Kart

Veibeskrivelse

Utkikkspunktet ligg langs nasjonal turistveg Sognefjellet, som går mellom Lom og Gaupne og er 108 km lang (veg 55). Dette er Nord-Europas høgaste fjellovergang. 

Frå dei grøne engene og det frodige kulturlandskapet i Bøverdalen, stig vegen opp gjennom dalen til toppunktet 1434 meter over havet.

Vintervarsel: Vegen over fjellet mellom Liasanden og Turtagrø er normalt stengt i november og opnas i mai. Raude flagg i kartet viser kvar strekningen blir stengt. Opningar og stengingar av vinterstengde turistvegar