For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Turtips: Setervegen til fjells - fottur i Lom nasjonalparklandsby

TypeFjelltur

Sognefjellsvegen 17, Sognefjellsvegen 17, 2686, Lom

+47 612 12 990

Setervegen til fjells_Lom nasjonalparklandsby_Mari Wedum
  • Setervegen til fjells_Lom nasjonalparklandsby_Mari Wedum
  • Setervegen til fjells_Lom nasjonalparklandsby_Mari Wedum
  • Setervegen til fjells_Lom nasjonalparklandsby_Mari Wedum
  • Setervegen til fjells_Lom nasjonalparklandsby_Mari Wedum

Om

Kulturstigen "Setervegen til fjells" til Skutlan og ned Myrskardet: Fottur i Lom nasjonalparklandsby.

På leit etter ein lokal tur som startar i Lom sentrum? Kulturstigen "setervegen til fjells" byr på variert terreng og nydeleg utsikt.

Sjå kart og meir informasjon her! 

Sjå Rondane i aust, Dovrefjell og Reinheimen i nord, Breheimen i vest og Jotunheimen i sør. Frå toppen Læshø kan du til og med sjå mot den høgaste toppen av dei alle, Galdhøpiggen på 2469 m.o.h.

Opp frå sentrum (Fossbergom) og til Skutlan er det i tillegg laga ein revidert versjon av den gamle kulturstigen. Her får du både ny kunnskap og morsomme tilleggsopplysningar i tillegg til utsikta.

Frå rundkøyringa midt i sentrum går du ca 150 meter austover langs riksveg 15. Før du kjem til Fossheim Turisthotell tek du til høgre oppover Ulstadvegen. Midt i ein u-sving tek stigen av inn på jordet. Stigen dreier så rett oppover jordet og opp i trædet (inngjerda beitemark). Ta til høgre i stigdelet for å følge ruta opp mot Skutlan og Læshø. Stigen går bratt opp gjennom granskogen, og kjem forbi ein vasspost med drikkevatn. Stigen passerer tregrensa og går vidare til Skutlan (1070 m.o.h.).

I stigkrysset på Skutlan kan følge stigen ned att mot Myrskardet for å få ein fin rundtur. Flott utsikt mot Flåklypa og gardane i nedre Bøverdalen. I nord rager Storivilen (2068 m.o.h.). Ver klar over at du må gå eit lite stykke langs Fylkesveg 55 (Sognefjellet) når du kjem ned att mot sentrum.

Kart

Veibeskrivelse

Adkomst: 

Fint å gå frå Lom sentrum (Fossbergom). Start ved skilt mellom Fossheim hotell og Fossheim steinsenter. Følg merka sti.

Adkomst med offentlig transport.

Bussterminal like ved starten på ruta.

Sjå meir

Picture of Fossheim Hotell fasadeFossheim hotell, LomHistorisk overnatting i hjarta av Lom sentrum, eit perfekt utgangspunkt for turar i tre nasjonalparkar med gourmetmåltid servert i vår trivleege spisesal etter turen.

Cultural Path Bordvassvegen - LomTurtips: Bordvassvegen i Lom - kulturvandring, LomBordvassvegen er ei kulturvandring der du følgjer ein gamal vassveg og får kjennskap til historia rundt vatningskulturen i Lom.

Turtips: Lomseggen – topptur frå Lom sentrum!, LomOpplev majestisk utsyn over tre nasjonalparkar frå Lomseggen.

Turtips: Tronoberget - utkikkstopp frå Lom sentrum, LomOpplev majestisk utsyn over tre nasjonalparkar frå Lomseggen.