For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Turtips: Lomseggen – topptur frå Lom sentrum!

TypeFjelltur

Sognefjellsvegen 17, Sognefjellsvegen 17, 2686, Lom

+47 61212990

  • Lomseggen
  • Lomseggen_Live Andrea Sulheim
  • Lomseggen, Kvilarsteinen
  • Product Image
  • Toppen av fremste Lomseggen_1289 moh
  • Product Image
  • Product Image
  • Lomseggen frå RV 15
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Smithbue
  • Product Image

Om

Har du vore på toppen av Lom sitt «bygdafjell», Lomseggen (1289 moh)? Stikkord: Majestetisk utsyn, høg puls og vakker natur. 

Det er godt merka sti heilt til toppen av Fremste Lomseggen. Turen byrjar enten frå Norsk fjellsenter eller frå Andvord Gard
Dette er ein relativt krevjande tur med bratt stigning heile vegen. 

På denne turen går du inn i Breheimen nasjonalpark. Over tregrensa opnar utsikta seg til nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Rondane. I vest skjer Bøverdalen seg inn mellom dei høgaste toppane i Noreg og du har fint utsyn mot den høgaste av dei alle, Galdhøpiggen (2469 moh).

Turbeskriving: 
Frå rundkøyringa i sentrum kryssar du brua over Bøvre og dreier til venstre opp forbi Norsk fjellsenter. Gå forbi Storstabburet og ta til venstre når du møter den asfalterte Solsidevegen. 200 meter etter herskaplege Sygard Andvord tek stigen av til høgre. Her er det skilta til Lomseggen, Bordvassvegen og Tor Jonsson-stuggu.

Etter rundt 300 meter skil Bordvassvegen (raud merking) og ruta til Lomseggen (gul merking) lag.  Ruta passerer Smith-hytta på 1150 moh og går i ein stor bue opp til det framre punktet på Lomseggen.

Retur:
Frå Lomseggen kan du gå same veg attende eller følgje ruta vidare austover. Ruta går nedover eit drag i fjellet, noko bratt ned ved tregrensa. Følg skogsvegen eit par hundre meter før ruta fortset på stig ned gjennom skogen. Når du er nesten nede går du gjennom ei grind, krysser ein bustadveg, går rett ned Hovsvegen og til venstre når du møter Solsidevegen. Følg denne i 200 m, ta til høgre på asfaltert veg i retning Lom sentrum.

Turinfo:
-  Fram til midten av juni kan det vera mykje snø på nordsida av ruta. Spør korleis tilhøva er i turistinformasjonen/Norsk fjellsenter.

- Tor Jonsson-stuggu er ope for omvisning på førespurnad, meir info på turistinformasjonen.

- Smith-hytta på 1150 m.o.h. er ei steinbu som vart bygd for ein tysk biletkunstnar rundt 1890.

Frå fremste Lomseggen kan du fortsetje turen til toppen Eggjapiken eller 2000-meterstoppen Storivilen, 2068 moh. Skilt syner deg retninga, men stien til Storivilen er ikkje merka.

Link til turkart! 

Meir om turen: Lomseggen- turanbefaling

Kart