For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Turtips: Bordvassvegen i Lom - kulturvandring

TypeVandring

2686, Lom

+47 61 21 29 90

Product Image
  • Product Image
  • Bordvassvegen - kultursti frå Lom sentrum. Foto: Mari Arnøygard Wedum
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Cultural Path Bordvassvegen - Lom
  • Cultural Path Bordvassvegen - Lom. Follow the red marks from the center of Lom or from Andvord gard.
  • Cultural Path Bordvassvegen - Lom
  • Cultural Path Bordvassvegen - Lom
  • Cultural Path Bordvassvegen - Lom
  • Cultural Path Bordvassvegen - Lom
  • Beautiful view to the mountain Lomseggen - from Lom rural museum. Follow the red marks; Cultural Path Bordvassvegen - Lom
  • Product Image

Om

Bordvassvegen er ei kulturvandring der du følgjer ein gamal vassveg og får kjennskap til historia rundt vatningskulturen i Lom.

Turen går på solsida i slak helling og er ein fin tur også om vêret ikkje er det beste. Turen startar og sluttar ved Norsk fjellsenter. Dette er ein relativt lettgått rundtur på totalt 8 km. 

Ruta til Bordvassvegen er merka med raude merke frå Norsk fjellsenter i Lom sentrum. Kulturstigen har eigen informasjonstavle bak fjellsenteret. Legg gjerne turen innom friluftsmuseet Lom bygdamuseum på veg til Bordvassvegen. Her finn du 22 verneverdige bygningar.

Du kan følge rutebeskrivelse for ruta til Lomseggen (gul merking) til den skil lag med ruta for Bordvassvegen. Vidare følgjer du raud merking for å gå langs Bordvassvegen. Frå Bordvassvegen kan du fylgje vatnet ned til Nordgard Aukrust (bio-dynamisk sidan 1986), med hagar til glede og nytte.

Treningstur i Lom sentrum:
Bordvassvegen er ein fin runde om du ynskjer deg ein joggetur på anten ca. 4 eller 8 km., ein skogstur i relativt lettgått terreng, eller du vil ta med deg heile famlien på rusletur. Stien er godt merka heile vegen, og du har fleire alternative ruter undervegs, mellom anna mot Lomseggen. 

Bordvassvegen går gjennom Andvords-trædet der det er dyr i inngjerda beitemark om sommaren. Dersom du vil omgå beitedyra fylgjer du gul merking ovanfor trædet fram til du møter fyrste skogsvegen. Her går du nedover vegen til venstre og du møter att Bordvassvegen berre nokre meter ned i bakken. 

Kart over Bergomsrunda

Unikt vatningssystem:
”Gje Vårherre sol, ska oss sjølve skaffe væte”, heiter det i ottadalsbygdene. Ottadalen er svært nedbørsfattig. Årsnedbøren i Lom og Skjåk er mange stader berre 300 mm., og jordbruk utan kunstig vatning er utenkjeleg. Det er berre takk vera eit gamalt og innvikla vatningssystem at det har vore råd å drive jordbruk frå gamalt av i området. Det er utvikla eit vatnings-system som er eineståande i europeisk samanheng.

Når snøsmeltinga er over, turkar mange bekker inn. Ved å grave vassvegar - kanalar frå fjellet -, frå brekanten eller frå ei tepping (kunstig dam der smeltevatnet vart lagra) greidde ein å skaffe vatn til turr åker og mark i dalbotnen. I Lom er det registrert 68 vassvegar og teppingar. Stuttaste vassvegen er snautt 300 m lang, den lengste 20 km. Samla lengd på hovudanlegga i Lom er 230 km, attåt kjem forgreiningar på kvar gard.

I grannebygda Skjåk er det registrert ca. 300 km vassvegar. Dei fleste vassvegane forsyner heile grender, fåe går berre til ein gard.

Fasiliteter

Gradering

  • lett

Natur og terreng

  • skog

Sesong

  • august
  • juli
  • juni
  • mai
  • oktober
  • september

Varighet

  • 2 timer

Kart

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Turen startar og sluttar ved Norsk fjellsenter. Følg raud merking; anten kort (ca. 4 km) tur eller lang tur (ca. 8 km).

Sjå meir

Andvord Gard - Lom JotunheimenAndvord Gard, LomAndvord gard er ein av dei eldste gardane i Lom. I dag er dette ein unik overnattingsstad i eventyrlege omgjevnader med gangavstand til Lom sentrum.

Turtips: Lomseggen – topptur frå Lom sentrum, LomOpplev majestisk utsyn over tre nasjonalparkar frå Lomseggen.

The cultural path in Lom National Park VillageTurtips: Setervegen til fjells - fottur i Lom nasjonalparklandsby, LomKulturstigen "Setervegen til fjells" til Skutlan og ned Myrskardet: Fottur i Lom nasjonalparklandsby.

Turtips: Tronoberget – utkikkstopp frå Lom sentrum, LomTuren til Tronoberget er godt merka frå Lom sentrum, og gjev god utsikt over sentrum og over til Lomseggen.

Læshø. Photo: Live Andrea SulheimTurtips: Læshøe - fottur frå sentrum, LomKulturstigen "Setervegen til fjells" til Skutlan og Læshø er ein populær fottur i Lom nasjonalparklandsby.

The Skim cabin - a barbeque cabin near the centre. Turtips: Skimhytta - fottur frå sentrum, LomSkimhytta er eit lett tilgjengeleg turmål frå Lom sentrum, og passar godt for småbarnsfamiliar.

Turtips: Olavsråket - rundtur frå Lom sentrum, LomEin flott rundtur frå Lom sentrum, med mykje historie, flott terreng og fantastisk utsikt til bygdene i dalen.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no