Nasjonal turistveg Sognefjellet er Nord-Europas høgaste fjellovergang, kjend for storlagen utsikt mot høgfjellslandskapet med spisse tinder og isbrear. Ikkje rart Sognefjellet er utruleg populært for vårskiturar.
Gode utgangspunkt for toppturar frå Sognefjellet er Sognefjellshytta og Krossbu Turisthytte. I desse områda finn du Smørstabbtindane i aust og Fanaråken og Steindalsnosi som dannar ei grense mot Hurrungane i vest. Fanaråken er den mest besøkte toppen, men toppar som Storebjørn, Store Smørstabbtind, Kniven og Sokse er og populære toppturmål. Mange av toppane er er relativt enkle å bestige, som Loftet, medan andre krev både brekunnskap og gode skirøynsle.
Vintervarsel: Vegen over fjellet mellom Liasanden og Turtagrø er normalt stengt i november og opnas i mai. Meir info her: Opningar og stengingar av vinterstengde turistvegar.