For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Tverrbytthornet (2102 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Sognefjellsvegen 17, Sognefjellsvegen 17, 2686, Lom

+4761219090

Torstein Bjørgen

Om

Tverrbytthornet byr til bratt topptur med moglegheit for oppstiging frå fleire sider av fjellet!

Beste utgangspunkt: Leirvassbu eller Spiterstulen
Høgdeforskjell: Ca. 1000 meter fra Spiterstulen, ca. 700 meter fra Leirvassbu
Antatt tidsbruk: 6–8 timer avhengig av utgangspunkt, hvorav 1–2 timer retur
Ver obs på: Stor skred- og utglidningsfare
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern og skarejern. Utstyr til bre er normalt ikke påkrevet.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og randonnée
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Krevende 
Ned: Krevende
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevende
Brattaste parti: 40° bratt mellom 1900 og 2050 moh.

Fjellet kan bestigast frå to ulike sider:
Nordsida: Tverrbytthornet er synleg fra Leirvassbu og uansett om du kjem herifrå eller frå Spiterstulen fylges kvista løype gjennom Visdalen til området der Tverrbytna renner ut i Visa. Her tek du av mot nordvest og følger Tverrbytna oppover. Rett før du kjem til vatnet på 1540 meters høgde byrjar du å dreie sørvestover og inn mot den bratte fjellsida. Deretter fylger du den slakaste delen av terrenget oppover mot breen. Oppe på breen er det best å byte side og fylge breens venstre side oppover, der terrenget er minst eksponert fra overliggende fjellside. Rett oppunder toppen er det best å traversere mot høgre og inn på ryggen. Deretter fylges ryggen heilt til topps. 

Sørsida:Tverrbytthornet har berre bratte sider, men dersom du er glad i bratt skiterreng og luftige bestigingar kan Tverrbytthornet by på ein heftig skitur etter at snøen har stabilisert seg. Rennane på sørsiden ut mot Kyrkjeglupen er ca. 45 grader bratte. Dei brattaste rennane ligg på austre del av fjellet, og møter ryggen mellom hovudtoppen og Vestre Tverrbytthornet. Eit noko mindre bratt alternativ er å velje ei line opp mot bandet mellom Vestre Tverrbytthornet og Søre Tverrbottinden. Her er terrenget jevnt omlag 40 grader bratt i nærare 400 høydemeter.

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse