For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Surtningssue (2386 m.o.h.) frå Gjende

TypeTopptur vinter

Vågå, 2680, Vågå

+4761212990

Mange av dei høgaste toppane i Aust-Jotunheimen er synlege - og tilgjengelege frå Nasjonal turistveg Valdresflye. Dette er 2368 meter høge Surtningssue.
  • Mange av dei høgaste toppane i Aust-Jotunheimen er synlege - og tilgjengelege frå Nasjonal turistveg Valdresflye. Dette er 2368 meter høge Surtningssue.
  • Product Image

Om

Surtningssue betyr truleg ”svartpurka”, grunna fjellet si farge og form. Dette er Vågås høgaste fjell (2386 m.o.h.) og det 7. høgste fjellet i landet. 

Beste utgangspunkt: Memurubu turisthytte gjennom Memurudalen
Høgdeforskjell: 1407 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 9 timar tur-retur (25 kilometer)
Ver obs på: Isen på fjellvatnet Gjende kan vere usikker. Rasfare opp vestryggen må vurderast da det er over 30 grader bratt og enkelte partier opp mot 40 grader.
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern og skarejern. 
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og randonnée. 
Vanskelighetsvurdering:
Opp:  Krevande
Ned: Krevande

Om vinteren er Surtningssue ein flott skitopp som byr på storslagen panoramautsikt til store delar av Jotunheimen. Surningssue er den andre toppen som ein går opp på under Høgruta Jotunheimen.

Da kan du overnatte på Memurubu og gå frå der. Er Memurubu stengt kan du starte i Gjendeosen og gå på ski innover isen til Memurubu og gå opp på toppen på ein dag. Da må du vera i god form og vera god på ski. Isen på fjellvatnet Gjende legg seg sjeldan før i januar, og han blir utrygg forholdsvis tidleg på våren. Det er lurt å prate med lokale om isforholda innover her.

Frå Memurubu er eit alternativ å følgje sommarruta over Raudhamarn til toppen av Surtningssue (2368 moh.). 

Alternativ (bretur) opp: Gå opp frå Øvre Russglopet, der er det brefall å gå på. 

Om vinteren kan ein gå via Memurudalen og opp vestflanken, frå Styggehøbreaskardet via Blåbreahøene, eller opp Surtningssuoksle og opp markert «rampe» frå breen og opp på ryggen nord for toppen. Vurder støtt rasfare, men både vestflanken og nordryggen er, til tross for enkelte bratte passasjer, ofte avblåst og snøfattige, og derfor generelt lite rasfarlege.

Bratt nedkøyring frå toppen på Surtningssubrean før ein fortsett ned Surtningssuoksle mot Glitterheim. Ein anna variant er å fortsetje over ryggen over Blåbreahøe mot Stygghøbreaskardet, for så å køyre ned Stygghøbrean.

Turrapportar
www.peakbook.org

Snøkart
www.senorge.no

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Høgruta i Jotunheimen | Haute Route NorgeHøgruta i Jotunheimen er Norge sitt svar på alpane sin klassiske skitur; Haute Route. Skituren går over brear og 2000-meterstoppar i Jotunheimen. Mat og kvile på trivelege turisthytter.

Memurubu | Turisthytte, LomTuristhytta Memurubu ligg langs Gjende i Jotunheimen, og er det mest brukte startpunktet for turar over fjellryggen Besseggen.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no