For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Styggehøe (2214 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Visdalen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Styggehøbreen oppover til Styggehøbreskardet. Foto: Jon Sjurgard

Om

Styggehøe (2214 moh) - mektig topp med utsikt til Galdhøpiggen og flott skikøyring ved Spiterstulen.

Beste utgangspunkt: Spiterstulen turisthytte
Høgdeforskjell: Ca. 1200 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 6  timer tur retur.
Utstyr: Normalt toppturutstyr
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée, snowboard og fjellski.
Vanskelighetsgrad:
Opp: Middels
Ned: Middels

Spiterstulen sin nærmaste nabo er vesentleg flottare enn namnet skulle tilseie, og skikøyringa frå toppen er noko av det betre i området. Styggehøe er ein flott topp med mange brear rundt seg. Toppen kan likevel bestigast uten å gå på bre. Ved Røisheim i Bøverdalen, svinger ein inn mot Visdalen, og vegen som tek deg inn til Spiterstulen, 1100 meter over havet.

Her ser du Styggehøe ruvar mot deg, på motsatt side av elva Visa, som har gjeve denne mektige dalen namnet. Turen tek til inn Visdalen eit lite stykke, men ein tek raskt sikte på inngangen til Bukkeholet. Dette er eit trongt, bratt gjel kor ein lyt vere trygg på snøforholda.

Deretter slaker det ut innover bukkheolet, før ein knekker til høgre opp den lang, bratte lia opp til toppen. Denne lia er sørvendt, dermed får ein sol og varme på vegen opp og ofte fint påskeføre på vegen ned. Sjølv om toppunktet ikkje er av dei høgaste, er utsikta til Galdhøpigg-massivet og Heilstugutindane fenomenal. Den vanligste nedkøyringa går same veg som ein kom opp, og byr på bratt skikøyring opp mot 35 grader. Ved gode snøforhold er det og mogleg å kjøre nordaustover og ned mot Visdalen. 

Kilde: Galdhopiggen.no / Spiterstulen Bre- og Fjellføring

 

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.