For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Store Ringstind (2124 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

6877, Fortun

Sjekk tilgjengelighet forTopptur på ski: Store Ringstind (2124 m.o.h.) (Åpnes i et nytt vindu)

+47 57 68 08 00

Store Ringstind, topp i Hurrungane. Populær topptur frå Turtagrø Hotell. Foto: Ingvild Øyjordet
  • Store Ringstind, topp i Hurrungane. Populær topptur frå Turtagrø Hotell. Foto: Ingvild Øyjordet
  • Populære toppar i Hurrungane; MidtreRingstind, til venstre og Store Ringstind til høgre. Foto: Ingvild Øyjordet

Om

Turen til Store Ringstind, 2124 m.o.h. er ein populær topptur som mange meiner er ein av dei finaste turane i Hurrungane,  som blir sett på som ein toppturklassikar. Sjølve toppen er spiss og karakteristisk, utsikten er heilt rå, og nedkøyringa på breen er svært fin. 

Beste utgangspunkt: Turtagrø hotell
Høgdeforskjell: Ca 1200 høgdemeter, frå 884 – 2124 m.o.h. 
Tidsbruk: 7-10 timar (tur- retur)
Ver obs på: Bratt parti mot toppen. Ver obs på bresprekker.
Utstyr: Normalt toppturutstyr. Isøks, stegjern og skarejern er anbefalt.
Anbefalt skiutstyr: 
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Middels
Ned: Middels


Turer startar ved Turtagrø hotell. Frå her går du på ski (eller med bil etter at vegen er brøytt) dei fyrste 3 km til inngangen av Ringsdalen (1000 m.o.h). Lett gange i flatt terreng inn Ringsdalen med mektig utsikt til Store og Midtre Ringstind. Seint på skisesongen må du her førebu deg på å gå på føtene eit stykke, da snøen smeltar i det flate partiet. Hald mot venstre inn dalen. Du kjem så til eit bratt parti før du kjem opp å platået (1550 m.o.h.) som fører inn på Ringsbreen. Her kan det vere lurt med stegjern ved isete og vanskelege forhold.

Før du går inn på breen må du ta ei sjølvstendig vurdering på om det trengs tau og sikringsmidler for sikker overfart. Hald til venstre forbi Midtre Ringstind for å unngå dei største bresprekkane. Vidare går turen opp breflanken mot toppen. Ca. 100 meter under toppen tek ein normalt av seg ski og går til fots de siste metrane. Frå toppen kan ein nyte mektig utsikt mot alpine fjell, og sjå fram til fantastisk skikøyring ned att.  Vanleg retur same veg som ein går opp. Alternativ retur er direkte linje ned brefallet til Ringsdalen. 

Beste kart er Hurrungane 1: 25 000. Kartet får du kjøpt i resepsjonen på Turtagrø.

Kart

Veibeskrivelse

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Om vinteren er det enklast å kome seg til Turtagrø og Hurrungane med eigen bil. Frå Bergen tek køyreturen via Lærdal og Sogndal  drøyt fire timar. Fram til slutten av april er Sognefjellsvegen (rv55) vintrstengd. Det betyr at den raskaste vegen frå Oslo òg går gjennom Lærdal og Sogndal. Totalt ca. 7 timar. Når vegen opnar i mai, tek turen frå både Oslo og Trondheim ca. 5 timar over Sognefjellet. 

Gjennom hele vinteren blir vegen frå Fortun til Turtagrø brøytt ved kvart snøfall. Vegen over Berdalsbandet til Årdal  opnar vanlegvis i fyrste halvdel av mai. Da blir området rundt Austabottsmassivet lett tilgjengeleg. Dette er  den raskaste vegen frå både Oslo og Bergen ved ope veg. 

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no