For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Storbreahøe (2001 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen
Product Image

Om

Med topptur til Storbreahøe ligg alt tilrette for leiken skikøyring  frå bratte hø på veg ned!

Beste utgangspunkt: Geitsetre i Leirdalen
Høgdeforskjell: omlag 1000 meter
Antatt tidsbruk: 4–6 timer fra Geitsetre, der ½ time er retur
Ver obs på: Stor skredfare fra fjellet si nord- og nordaustside. Stedvis bratte partier med utglidningsfare
Utstyr: Normalt toppturutstyr + skarejern
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og snowboard.
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Middels
Ned: Middels
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevende
Brattaste parti: Inntil 40°

Fjelltoppar som har namn som sluttar på høe har lett for å verte gløymt eller undervurdert. Ein tenkjer ofte at høer er slake og kjedelege. Storbreahøe er eit bevis for at dette er feil, og toppen har ingen slake sider men tilbyr i staden variert og bra skikjøring. Vi beskriv her den slakeste bestigning- og nedkjøringslina frå Leirdalen, men sjølv denne går i terreng som er 35–40 grader på det brattaste. Toppen krev difor stabile snøforhold for å kunne bestigast.

Leira kryssast på sikkert stad, og det slake terrenget fylges oppover mot toppens austside. Alternativet er å gå over Geitbrua og fylge elvas vestside oppover. På veg oppover skal du halde god avstand til Storbreahøes nordaustside. Her går det ofte store skred som sklir et godt stykke utover det slake terrenget under. Det beste er difor å runde mot fjellet si austside, før bestigninga oppover ryggen byrjar. Ei alternativ løysing er å sikte seg inn på ein S-formasjon som lett kan sjåast på fjellet si austside. Denne ligg på 1500–1550 meters høgde. Difra kan toppen gåast ganske rett på, der terrenget er brattest mellom 1600 og 1700, samt mellom 1800 og 1900 meters høgde. Nedkjøring vert gjort same veg som bestigninga, der du kan finne massevis av leikne detaljer i terrenget. Storbreahøe er eit stort fjell som innbyr til individuelle linevalg.

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no