For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Steindalsnosi (2025 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Sognefjellsvegen 4974, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Fanaråken og Steindalsnosi - populære skitoppar i Jotunheimen
  • Fanaråken og Steindalsnosi. Foto: Råmund Mundhjeld
  • Fanaråken og Steindalsnosi. Foto: Råmund Mundhjeld

Om

Med utgangspunkt frå Sognefjellshytta, er Steindalsnosi ein kort og enkel topptur på ski. Toppen ligg mellom Hurrungane og Smørstabbtindane, og er Fannaråken sin nærmaste nabo. Steindalsnosi byr på flott skikjøring og det er flere mulige nedkøyringar.

Beste utgangspunkt: Sognefjellshytta eller nedanfor Galgeberget langs Sognefjellsvegen.
Høgdeforskjell: Omlag 750 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 3 til 5 timar tur-retur
Ver obs på: Eit par bratte partier langs ruta, med skred- og utglidingsfare, samt toppskavl.
Utstyr: Normalt toppturutstyr. Isøks, stegjern og skarejern er vanlegvis ikkje naudsynt.

Denne toppen er godt synleg frå Sognefjellsvegen, og tilgjengeleg på ski frå Sognefjellshytta, eller frå bilen lenger sørvest, når Sognefjellsvegen (Fv.55) har opna etter vinterstenging - eller som tidleg-topptur i oktober/november, om det har kome nok snø. Steindalsnosi egner seg godt som ettermiddagstur eller på turdagar kor ein ynskjer å gå ein flott, men kortare tur, til dømes på heimreisedag.

Den mest vanlege ruta er rett nedanfor Galgeberget, 1.300 moh. Det er mogleg å parkere langs vegen ved Galgebergstjørnane. Her har du eit naturleg ruteval oppover i terrenget langs nordvestryggen. Ruta legg seg mellom bratta/stupet på venstre hand, og skavlane/bratta ut mot sørvestre topp på di høgre hånd. Held du deg godt innafor desse ytterpunkta, så er du rimeleg trygg her. Du har god plass oppover her, og det er ingen svimlande kantar å balansere på. 

Toppen byr på nydeleg utsikt, der du verkeleg står på kanten til to store riker. Du har Jotunheimen nordover, austover og sørover. Snur du deg rundt har du Breheimen sitt rike! Nedkjøringa er fin og behageleg, med rikeleg plass å boltre seg på.

​​​​​​Ver obs på det bratte partiet ved oppstiginga frå parkeringsplassen - der ein er i skredutsatt terreng, samt det bratte partiet (over 30 gradar bratt) mellom 1.800 - 1.900 moh. I dette partiet har det vore utløyst skred av turgåarar tidlegare, og det er viktig å gjere ei vurdering av skredfara før ein går inn i terrenget. 

Nedkøyring same veg som du kom opp, mot Galgebergtjørnane. 

Alternativ rute: Eit anna ruteval, er å angripe toppen frå nord/nordaust. Det er ikkje alltid dette let seg gjera, og her er det ein liten fordel å vere kjent med bratt terreng. Her søker du nemleg mot Fannaråkbreen, og tek sikte på den lange ryggen som går nedover frå høgste Steindalsnose mot Prestesteinsvatnet. Oppover ryggen er ruta rimeleg grei, men når du kjem opp til kanten, er det ofte ein skavel langsetter heile her. Dette bør du såleis ha sjekka ut i forkant av rutevalet ditt. Men, når høva er der, er dette ein arig måte å bestige Steindalsnose på. Nedkjøringa skjer da på breflanken til Fannaråkbreen, frå toppen av denne ryggen.

Beskrivingane av turane frå Sognefjellet er skrive av fjellførar Kjell Nyøygard. For den som ynskjer dagsferske rapportar, ta kontakt på www.fjellforer.blogspot.no

Turrapportar
www.peakbook.org

Snøkart
www.senorge.no

 

 

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Sognefjellshytta | Turisthytte, LomSognefjellshytta ligg 1400 m.o.h. på det høgaste punktet på Sognefjellsvegen, og er eit utmerka utgangspunkt for skiturar, topptur og vandring i Jotunheimen. Her kan du overnatte i rom med ulik standard.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no