For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Sokse (2189 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen
Topptur på ski: Sokse (2189 m.o.h.)

Om

Toppturen for den røynde må ein kunne seie at Soksa er. Med snøklatring i 45 graders renne og utfordrande lineval for nedkøyring er dette ein tur der røynsle og trygg ferdsel må vera i høgsetet.

Beste utgangspunkt: Leirvassbu eller Leirdalen
Høgdeforskjell: Ca. 1200 meter fra Geitsetre. Ca. 1000 meter fra Breabakkan
Antatt tidsbruk: 7–10 timer, der 1-2 timer er retur
Ver obs på: Utglidningsfare frå toppunktet og i renna. Tidvis skredfare frå Geite. Til dels store sprekkar på Bjørnbrean
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern og hjelm. Bre- og sikringsutstyr må vurderast.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og randonnée. Fjellski er best fra Krossbu. Lang anmarsj og flate partier gjer turen lite eigna for snowboard.
Vanskelighetsgrad:
Opp: Krevande
Ned: Krevande
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevande
Brattaste parti: Ca. 45° mellom 2000 og 2189 moh.

Sokse eller Saksa som den og kallast, er ikkje blant dei mest typiske skifjella i området. Den har ingen enkle sider å bestige, og om nokon av sidene i det heile teke let seg køyre ned att på ski, så er det den stupbratte renna på fjellets vestside. Men renna er lite eigna til skikøyring, og utbredt skikøyring vil føre til at det trange midtpartiet skrapast fritt for snø. Sokse er kanskje områdets mest spektakulære bestigning.

Med Leirvassbu eller vegen i Leirdalen som utgangspunkt, kryssast Leira på trygg stad. Deretter kryssast Tverrbyttbekken mellom Steet og Rundhøe, og du fortsett på skrå oppover terrenget sin hylleformasjon mot høgdemerket med 1644 m.o.h. på kartet. Er det skredfare frå Geite vil ein tryggare oppstigning vera å fylge Tverrbyttbekken lenger innover mot Tverrbyttjønne, og heller bestige Bjørnbrean fra søraust. Fylg den midtre lina av breen eit stykke oppover, før du skrår over mot høgre og sett kursen mot Bjørnskardet. Etter å ha passert Bjørnskardet traverserar du inn i renna ca. 180 høydemeter fra toppunktet. Dei fleste vel å sette att skia her. Nederste del av renna er ca. 40 grader bratt, før den bratner til enda mer i midtpartiet. Her er renna på sitt trangaste, og den har ofte overhengende snø og is i veggen på høgre side. Her må det visast aktsemd.

Ofte lagar smeltedrypp fra det overhengande partiet ein issvull der renna er på sitt bratteste. Stegjern og isøks kan være en fordel. Etter renna forserast dei siste høgdemetera opp ein bratt og luftig rygg, der underlaget tidvis kan vera hardt. Stegjern og isøks kan også her koma godt med. Nedstiginga må gjerast med stor grad av aktsemd. Etter å ha passert renna er det fleire nedkøyringsmoglegheiter i ulike retningar. Toppen er flott å bestige som del av rundtur eller haute route. Ein mogleg rundtur er å gå opp på Sauen og køyre Storbrean atende til Leirdalen.

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Åpningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.