For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Skardstinden (2373 m.o.h.) og Nåle (2310 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Topptur på ski: Skardstinden (2373 m.o.h.) og Nåle (2310 m.o.h.)

Om

Skardstinden og Nåla er turmål for den røynde skiklatraren. Som Noregs 5. høgaste sjølvstendige fjelltopp og med ein særs karakteristisk og tiltrekkjande tind med mange og ulike ansikt er det duka for ei stor oppleving!

Beste utgangspunkt: Geitsetre i Leirdalen
Høydeforskjell: Ca. 1400 meter 
Antatt tidsbruk: 8–10 timer, der 1–2 timer er retur
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Krevande 
Ned: Krevande
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevande
Denne turen er ca. 45° på det brattaste.

Skardstinden og Nåle er blant Jotunheimen sine mest spektakulære fjell. Som 5. høgaste fjellet i Noreg vekker dette massivet merksemd frå alle kantar. Fjellet er populært å bestige på klatretur i sommersesongen, men nesten alle avskriv Skardstinden som skifjell. Det ser rett og slett håplaust bratt ut på alle kanter. Ei skibestiging er fullt mogleg, men for å nå toppen av dette spektakulære fjellet må ein lang og bratt renneformasjoner forserast. Med Geitsetre i Leirdalen som utgangspunkt fylger du same rute som til Lindbergtinden, fram til omlag 600 meter før fronten på Nørdre Illåbrean. Fra brefronten fylger du terrenget oppover i retning nordaust, ganske direkte mot toppunktet. Til å byrje med er terrenget slakt, men oppover vert det gradvis brattare og stedvis er det stygge utglidningslinjer. På det bratteste er den aktuelle renna rundt 45 grader, kanskje til og med noko i overkant, så dette er ein tur for kompetente snøklatrarar og brattkøyrarar. Renna fylger i ein slak S-formasjon oppover forbi bratte klippeparti, og møter toppeggen nokre meter vest for sjølve toppunktet. Ver merksam på store, uoversiktlege og overhengande skavlar på toppeggen. Stegjern og isøks vil normalt være påkravd, og avhengig av forholda må sikringsutstyr vurderast. Turen krev stabile snøforhald.

VIKTIG
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Åpningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.