For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Nautgardstinden (2258 m.o.h.): Lett tilgjengeleg toppturperle på Valdresflye.
Beste utgangspunkt: Frå Bessheim / Gjendesheim eller Glitterheim.
Høgdeforskjell: 1200 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 7-8 timar tur-retur
Ver obs på: Litt bratt siste del mot toppen.
Utstyr: Normalt toppturutstyr
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og randonnée.
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Lett, middels lang tur.
Ned: Middels
Nautgardstinden kan bestiges fra så og si alle kantar, med unntak av den loddrette nordvestveggen. Det enklaste utgangspunktet er Veodalen, aller helst frå Glitterheim. Hugs at vegen inn til Glitterheim turisthytte er stengd ved nasjonalparkgrensa, og blir ikkje brøytt vinterstid. Når hytta er ope, blir buande gjester transportert med beltebil/snøscooter frå Veoli.
Du kan og gå frå Bessheim, men dette er ein lang dagstur, som om vinteren følgjer sommarruta til topps. Gå da stigen til Bessvatnet og følg sommarruta mot Glitterheim. Følg stigen til Russvatnet (1164 m.o.h.). På Russvassosen er det ei bru, og du kan krysse elva Russa. Ta av stigen ved buene ved Russvassosen. 1100 høgdemeter ventar. Det er ingen utsette parti på turen, den raskaste ruta er rett på sørøstryggen. Dei fleste kjører bil til Russtangen og går opp frå der om sommaren. Da går du opp Russdalen til Russvatnet og går beint mot toppen frå der.
* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.