For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Midtre Høgvagltinden (2066 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Ove Nestvold

Om

Topptur til Midtre Høgvagltinden er ein enkel tur med moglegheit for bratt nedkøyring!

Beste utgangspunkt: Leirvassbu
Høgdeforskjell: Ca. 670 meter 
Antatt tidsbruk: 4–5 timer, hvorav ½-1 time retur.
Ver obs på: Skredfare i nordveggen. Tidvis overhengende toppskavl.
Utstyr: Normalt toppturutstyr
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski. 
Vanskelighetsgrad:
Opp: Enkel
Ned: Enkel
Vegval: Logisk
Bratteste parti: 30°

Fjellet er synleg frå Leirvassbu og det er mest vanleg å legge kursen mot toppen over Høgvaglen eller rett vest for denne. Kryss breen til bandet aust for toppen og over på søraustre del av Høgvaglbreen. Fylg denne i ein slak boge slik at inngangen til toppen vert frå søraust. Nedkøyring fylger primært same veg som bestiginga, men det er moglegheit for fleire nedkjøringsliner. Mot aust er det omlag 30 grader bratt før ein køyrer over i samme spor som oppstiginga. For dei som ynsker fart på adrenalinpumpa er det mogleg å gå rett ut fra toppskavlen, få over 50 graders innsteg og heftig brattkøyring ut på Høgvaglbreen. Alternativt kan du fylge ryggen mot nordvest, til du kjem så langt ned at innsteget kjennes trygt for din eigen del. Deretter er det flott skikøyring over breen, der det er mogleg å velje mellom nedkøyring til Gravdalstjørnene eller Øvre Høgvagltjønnen. Bra skikøyring og ofte fine snøforhold på begge alternativa. Ynsker du ein lengre tur er det eit godt alternativ å køyre ned i Simledalen og ta med seg ein av Rauddalstindane. I den 25–30 grader bratte sørsiden ned mot Simledalen vil det normalt vera noko mindre snø og kortare sesong enn på deiandre alternativa.

 

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren blir elva Leira kryssa av mange, ofte på små områder der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierer frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt gode greit å parkere på vegskuldra og natuelge «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Åpningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.