For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Loftet (2170 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Sognefjellsvegen 17, Sognefjellsvegen 17, 2686, Lom

+4761212990

  • Topptur på ski til Loftet
  • Utsikt frå Loftet. Foto: Karen Magnhild Kleiven
  • På toppen av Loftet
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Loftet er eit populært skifjell som er mykje besøkt om vinteren- takka vere enkel tilgang og super nedkøyring. 

Beste utgangspunkt: Sognefjellsvegen (Fv. 55) v/ Jotunheimen fjellstue - eller frå vinterbom ved Vegaskjelet.
Lengde: Omlag 13 km tur/retur
Høgdeforskjell: Ca. 1170 meter 
Antatt tidsbruk: ca. 5 timar 
Utstyr: Normalt toppturutstyr + skarejern
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, fjellski og randonnée. 
Vegval: Noe vurderings- og navigasjonskrevande 
Brattaste parti: 30°
Ver obs på:  Bratt område rett vest for Veslloftet som kan vere skredutsatt. Overhengande skavl ut mot Høgskridubrean. Krevjande navigering ved tåke.

Loftet, den ruvande kjempa som avsluttar tinderekka som går nordover frå Smørstabbtindane, er ein populær og fin skitopp frå Sognefjellet. Her kan du nyte majestetisk utsikt frå toppen, og glede deg til fin skikøyring på store snøflankar. Ver obs på at turen krev presist vegval for å vere trygg.

Ved vinterstengt veg, startar turen ved bommen, ved Vegasjelet i Leirlia i Leirdalen, altså rett etter nedkøyringa til Leirdalen/ Leirvassbu, ca. 920 moh. Frå her får ein fin oppvarming langs Sognefjellsvegen; i slak stigning i ca. 2 km. opp til Øvre Halsatjønn som ligg 100 meter høgare. Ein tek så av vegen, går ut i terrenget og siktar seg inn mot Langranden og Veslloftet.

Når Sognefjellsvegen er brøytt etter vinterstenging, startar turen ved Jotunheimen fjellstue eller ved parkeringsplassen ved Øvre Halsatjønnen.

Følg ryggen merka "Langranden" på kartet. Dette er ryggen som kjem ned nord for Veslloftet (1630 moh.) Om sommaren går det tydelig sti her. Normal skirute her er litt sikk-sakk like til venstre for ryggen, for så å skrå inn til høgre på toppen av ryggen. Deretter kjem det ei lita skråbratte når ein traverserar fonna innunder Veslloftet og inn mot flatare lende, på vel 1300 moh.

På ca. 1300 meters høgde skrår ein mot sørvest, og går eit lite stykke bortover til ein får høgdemerket med 1377 moh. på høgre side. Etter ca. 700–800 meter dreier du på skrå oppover mot venstre og byrjar bestiginga mot søraust i det som er det brattaste terrenget på turen; nemleg opp brattfonna sørvest for Veslloftet. Mellom høgdene ca. 1450 og 1550 moh. er terrenget rundt 30 gader bratt.

Vel opp denne, så er du på underkant av 1600 moh, og terrenget flatar ut litt. Nå ser du endeleg resten av ruta du skal gå for dagen. Ruta går i sørleg retning, før du etter kvart vrir deg meire sørvestover.  Siste stigning til topps er langdrug, og ein må over eit par "luretoppar". Terrenget er slakt, men stigninga er jamt bratt. Når ein kjem opp på rundt 2100 moh, så flatar toppen noko ut. 

Toppen av Loftet ligg på ei stor ope "flate", litt som eit vinterleg månelandskap, dog smykka med ei stor og tydeleg toppvarde. Ver meget obs på overhengande skavl og stup utover på vestsida, mot Høgskridubrean.

Dette er ein tur som eigar seg best på godvêrsdagar. Her må ein ha sikt for å orientere seg trygt! 

Nedkøyring frå Loftet:
Nedkøyringa fylger primært same rute som oppover, men det er mogleg å spre nedkøyringa bredt utover den store flanken. 

Her finn du store flater å velje blant med valfri brattheit. Det er mogleg å gå ein rundtur ved å gå ned i bandet mellom Loftet og Veslfjelltinden, og herifrå køyre Hurrbrean ned til Geitsetre. Rundturen er like fin begge vegar, og sett ein att ein bil på ankomststaden gjer dette returen noko enklare.

Det er og mogleg å forlenge turen over til Veslfjelltinden. Dette er ein bratt og til dels krevande overgang i terreng der eit lite parti er 40–45 grader bratt. Om du vel hovudnedkøyringen frå Veslfjelltinden, er denne enkel ned til Geitsetre, der Leira kan kryssast over Geitbrua.

Kart

Veibeskrivelse

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Frå Lom, følg FV.55 Sognefjellsvegen til Jotunheimen fjellstue, eller om vinteren; så langt du kjem før vinterbom. 

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no