For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Lauvnostinden (1950 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Fv55 340, 6877, Fortun

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Turen til Lauvnostinden (1950 m.o.h.) er ein kort og grei topptur med utsikt til dei spektakulære toppane i Hurrungane.

Beste utgangspunkt: Turtagrø hotell
Høgdeforskjell: Frå 884 – 1950 m.o.h.
Tidsbruk: 4-5 timar (tur- retur)
Utstyr: Normalt toppturutstyr
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark/fjellski. 
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Enkel
Ned: Enkel

Dette er en ganske enkel skitur, med kort anmarsj og ikkje så bratte partiar. Turen passar for dei fleste som har normale fjellskiferdigheiter. Barn frå 8-10 år kan fint vere med på denne turen.

Gå inn opp på vestsiden av Ringsdalen ved Ringsnonhaugen, og følg ryggen over Lauvnosi (1374 moh). Eit alternativ her er å gå rundt Lauvnosi på vestsida. Følg så til toppen på Lauvnostind (1950 moh). Turen endar ved varden, kor ein nærmast vandrar mellom 2000-meterstoppar. Det er ikkje å anbefale gå lengre langs eggen utan sikringsutstyr. Flott skikøyring attende til Ringsdalen. 

Snøen halder lenge utover våren/forsommaren på denne nordvendte ryggen. Lauvnostid er ein del av Soleieryggen, og det er mogleg å fortsetje turen sørover langs eggen mot Nordre Soleibotntind og Store Soleibotntinden (Soleibotntindtraversen), men dette er ein krevjande tur, og ein treng fullt sikringsutstyr. Mange lokale meinar toppen heiter nordlige Soleietind.

Beste kart er Hurrungane 1: 25 000. Kartet kan kjøpast i resepsjonen på Turtagrø.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.