For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Kyrkja (2032 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Kyrkja, topptur, Leirvassbu
  • Kyrkja, topptur, Leirvassbu
  • Kyrkja, topptur, Leirvassbu

Om

Toppen Kyrkja med sin karakteristiske spisse form byr på nydeleg skikøyring med ulike lineval og valfri brattheit. Dette er den mest besøkte toppen frå Leirvassbu - med fantastisk utsikt over Jotunheimen og fjellområda rundt.

Beste utgangspunkt: Leirvassbu
Høgdeforskjell: Ca. 630 meter
Antatt tidsbruk: 3–5 timer, der ½ time er retur
Ver obs på: Stedvis utglidningsfare på de øvste 100 høydemetera. 
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern og skarejern 
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée, snowboard og fjellski
Vanskelighetsgrad:
Opp: Krevande
Ned: krevande
Vegval: Logisk
Brattaste parti: Inntil 40° bratt mellom 1800 og 2000 moh. 

Kyrkja er ikkje mest kjent som turmål på ski. Til det er det øvste partiet for bratt og krevande. For vanlege skituristar og skialpinistar vil det ikkje vere mogleg å kome heilt til topps på fjellet med ski. Dei fleste sett difor att skia og klyv den siste ryggen til topps. Dei fleste som bestig Kyrkja på ski startar med å krysse Leirvatnet i ei ganske rett line mot toppen.

Der terrenget byrjar å stige, tek du til med å navigere deg oppover det halvbratte terrenget mot høgda på Kyrkjeoksle som er merka med 1756 m.o.h. på kartet. Oppe på denne høgden dreiar du mot nord og fylger ryggen til topps. Det siste stykket er bratt og to partier må klyvast på fast fjell eller snø.

Returen kan gjerast same veg som bestiginga, men mange har Kyrkja berre som delmål og fortsett difor vidare til Visbretinden. Dette er totalt sett ein lang og flott tur, men om du synes at det blir litt mye med to toppar på ein dag, er det eit godt alternativ å køyre baksida av Kyrkjeoksle ned til Kyrkjetjønne. Dette er ein flott rundtur der det normalt er veldig fine snøforhald og flott skikjøring i mellombratt terreng. Retur til Leirvassbu via Kyrkjeglupen/Panna.


Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Leirvassbu | Turisthytte DNT, LomLeirvassbu fjellstue ligg idyllisk til ved Leirvatnet på 1400 meter over havet, og er eit ypperleg utgangspunkt for fjellvandring, toppturar, breturar, brekurs, matkurs, vårskiløping, klatring og fisking i fjellvatna.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no