For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Galdhøpiggen - frå Raubergstulen (2469 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Galdhøpiggvegen 460, 2687, Bøverdalen
Galdhøpiggen vintertur

Om

Du har kanskje vore på Galdhøpiggen, men har du køyrt ned frå Norges høgaste fjell på ski? Om vinteren kan du ha Noreg sitt tak heilt for deg sjøl, om du spenner på deg skia og er klar for å gå litt i oppoverbakke.  Å stå på toppen av Galdhøpiggen midtvinters er ei unik oppleving, med utsikt over kvite toppar så langt du kan sjå.

​​​Beste utgangspunkt: Raubergstulen
Antall høgdemeter totalt: Ca. 1469 meter, totalt 1500 høgdemeter og 15 km. 
Turlengde: 11 – 13 timar tur-retur
Ver obs på: Bratt opp til Porten. Isøks og stegjern kan kome godt med.
Utstyr: Fjellski eller normalt toppturutstyr + isøks, stegjern. Bre- og sikringsutstyr må vurderast. 
Anbefalt skiutstyr: Fjellski eller randonne
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Krevjande
Ned: Krevjande
Vegval: Rett opp frå Raubergstulen til Juvasshytta, og deretter krysse Stygebrean i retning Galdhøpiggen. 
Brattaste parti: Under 30 grader.

Turen startar ved Raudbergstulen turisthytte (1000 m.o.h.) sidan vegen opp til Juvasshytta ikkje er brøytt om vinteren. Ein kan anten gå langs vegen eller følgje sommarrute (scooterspor) opp til Juvasshytta, som ligg 1850 meter over havet. Frå her følgjer ein sommarruta mot toppen ved å krysse Styggebrean. 

TIPS!
Sett av god tid til turen og hugs å starte tidleg for å ha dagljos på veg ned att. Ta med hovudlykt i tilfelle det blir mørkt. 

Les meir: Ny trend i fjellet - nå startar topptursesongen i januar

Se reportasje fra NRK: Vintertur til Noregs tak - Galdhøpiggen

Kart

Veibeskrivelse

Åpningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.